Nyheter


Fylkesmesterskap i sjakk 2015 for barn og ungdom

14 Jan 2015 skrevet av asmund
Det blir i år for første gong arrangert ein serie sjakkturneringar som skal vere eit fylkesmesterskap i sjakk for barn og ungdom. Første turnering går i Trondheim 15. mars. 12. april arrangerer Orkdal sjakklubb den andre turneringa. Det blir enda fire turneringar, i juni, september, oktober og november.

Påmelding helst før 8. mars.

Informasjon og påmelding her.

Ny seier til Orkdal i seriesjakken

12 Jan 2015 skrevet av asmund
Orkdal sjakklubb gjekk seirande ut av bortekampen mot Trondheim 3 i tredje runde i Midt-Norge-serien i går, søndag 11. januar, med 3-1. Dermed står vi med tre seirar og er på 2. plass i serien med like mange lagpoeng som Levanger sjakklubb, som imidlertid har fleire individuelle poeng.

Påmelding til vårturneringa i langsjakk

12 Jan 2015 skrevet av asmund
Det blir påmelding til vårturneringa i langsjakk - som også er klubbmesterskap - på første speledag etter nyttår, tirsdag 13. januar. Du kan også melde deg på til turneringsledar Rudi Kilen, e-post rudi@elpro.no.
Det blir to grupper i turneringa, ei A-gruppe og ei B-gruppe, for å kunne gjennomføre den på ein praktisk måte med det antalet deltakarar vi reknar med.
Turneringsavgift: 100 kr for vaksne, 50 for junior/barn.

Tirsdag 13. januar blir det oppstart i det nye året

06 Jan 2015 skrevet av asmund
Velkommen til første spelekveld i Orkdal sjakklubb i det nye året tirsdag 13. januar. Som før kl. 18.30 i G-bygget (den låge bygningen) på Follo, Orkdal vidaregåande skole.

Kjell Næssvold kretsmester i hurtigsjakk

28 Dec 2014 skrevet av asmund
Orkdal sjakklubbs Kjell Næssvold gjorde det godt i kretsmesterskapet i hurtigsjakk, som vart avvikla i Trondheim i dag, 28. desember, som ei felles turnering for Nord- og Sør-Trøndelag, altså to kretsmesterskap i eitt. Kjell oppnådde ein sterk andreplass på den samla resultatlista, 5,5 poeng av 7, eit halvpoeng bak vinnaren Øyvind Ukkelberg, Stjørdal.

Med dette vart Kjell kretsmester for Sør-Trøndelag - ettersom turneringsvinnaren altså representerte Nord-Trøndelag.

Også fire andre frå Orkdal var med: Matts Eriksen nr. 10 på den samla resultatlista, Arne Samskott nr. 16, Einar Andreas Almli nr 19 og Åsmund Almli nr. 22.

Resultatlista frå KM finn du her.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 53 54 55 56 57 58 59 ... 61 ... 63 ... 65 ... 67 ... 69 ... 71 ... 73 ... 75 ... 77 ... 79 ... 81 ... 83 ... 85 ... 87 ... 89 ... 91 ... 93 ... 95 ... 97 ... 99 ... 101 ... 103 ... 105 ... 107 ... 109 ... 111 ... 113 ... 115 ... 117 ... 119 ... 121 ... 123 ... 125 ... 127 ... 129 ... 131 ... 133 ... 135 ... 137 ... 139 ... 141 ... 143 ... 145 ... 147 ... 149 ... 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... Next >>

Powered by CuteNews