Nyheter


Hurtigrunde første kveld etter jul

18 Jan 2013 skrevet av asmund
Seks medlemmer på første spelekveld etter jul 15. januar. Det vart gjennomført ein runde hurtigsjakk med dette resultatet:

Åsmund Forfang 4
Matts Eriksen 4
Lars Lium 3
Arne Samskott 2
Rudi Kilen 1
Einar Hoston 1

God Orkdals-innsats i romjula

18 Jan 2013 skrevet av asmund
Fire medlemmer i Orkdal sjakklubb var med i Romjuls-GP på Hell 29. desember. Spesielt godt gjorde Lars Lium det, han hevda seg mellom spelarar med langt høgare rating og endte på ein fin femteplass.

Full resultatliste finn du her.

SMPOÅAs åpne klubbmesterskap i lyn 9. januar

08 Jan 2013 skrevet av asmund
Her har du sjansen til ein feiande start på det nye året: Åpent klubbmesterskap i lyn i SMPOÅA onsdag 9. januar. Der er det alltid stas å vere med!

Informasjon og påmelding her.

Vårsesongen

27 Dec 2012 skrevet av asmund
Første kveld i Orkdal sjakklubb i vårsesongen blir tirsdag 15. januar, som vanleg på Orkdal vidaregåande skole kl. 19.00.

Da blir det påmelding til klubbmesterskapet i langsjakk.

4-1 i årsmøtesimultan

27 Dec 2012 skrevet av asmund
Årsmøtet i Orkdal sjakklubb vart avvikla 18. desember med seks frammøtte. Gjenvalg over heile linja: Hallvar Gisnås og Matts Eriksen i styret, Richardson Fernandes som varamedlem. Formann Åsmund Forfang var ikkje på valg i år.

Etter årsmøtet spelte haustturneringsvinnar Kjell Næssvold simultan mot resten av dei frammøtte, og berre Matts Eriksen greidde å stille han til veggs. Resultat: 4-1 i Kjells favør.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 83 84 85 86 87 88 89 90 91 92 93 94 95 96 97 98 99 100 101 ... 103 ... 105 ... 107 ... 109 ... 111 ... 113 ... 115 ... 117 ... 119 ... 121 ... 123 ... 125 ... 127 ... 129 ... 131 ... 133 ... 135 ... 137 ... 139 ... 141 ... 143 ... 145 ... 147 ... 149 ... 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... Next >>

Powered by CuteNews