Nyheter


Tap i 4. runde i seriesjakken

12 Feb 2011 skrevet av asmund
Orkdal tapte 1-4 mot Trondheimstudentene i seriesjakken i dag - siste runde for vår del, ettersom vi har WO i morgon. Dermed står vi med 0 poeng og sisteplass.

Vårt eine poeng i dag stod Kjell for på 1. bord mot Brede Hagen. Matts på 2. bord kom fort under, mens Åsmund på 3. bord stod best før ein avsluttande kombinasjon der han i farten hoppa over første trekk i kombinasjonen og gjekk rett på andre og dermed loddrett tap. Lars heldt ut i det lengste med ein bonde under, men måtte gi tapt etter bortimot 70 trekk. Rudi spelte godt og stod godt, men ein plutseleg blunder tapte eit tårn og dermed tap.

Resultat (heimelaget Trondheimsstudentene til venstre)
Brede Hagen - Kjell Næssvold 0-1
Jonas Ingvaldsen - Matts Eriksen 1-0
Anders Nordli - Åsmund Forfang 1-0
Kristian Lund - Lars Lium 1-0
Sjur Vullum Løtveit - Rudi Kilen 1-0

Ein jamn lynrunde

07 Feb 2011 skrevet av asmund
Endeleg vart Kjells rekke med lynrundar utan tap brote - men det hindra ikkje at han gjekk til topps også i kveld:

Kjell Næssvold 6,5 (av 8)
Åsmund Forfangt 5
Matts Eriksen 4
Rudi Kilen 3
Lars Lium 1,5

Ille: Kjell Næssvold ubeseira på nytt ...

01 Feb 2011 skrevet av asmund
Dei øvrige har stadig problem med å påføre Kjell eit nederlag i lynsjakk - i går gjekk han på nytt gjennom turneringa med full pott, trass i alskens lugubre stillingar undervegs:

Kjell Næssvold 8 (av 8)
Matts Eriksen 5,5
Åsmund Forfang 3,5
Lars Lium 2
Rudi Kilen 1

Lynrunde 24. januar

24 Jan 2011 skrevet av asmund
Total utklassing frå Kjell i årets første lynrunde:

Kjell Næssvold 11 1/2 (av 12)
Åsmund Forfang 6 1/2
Matts Eriksen 4 1/2
Lars Lium 2

Vi har no flytta til Follo - Orkdal vidaregåande skole

20 Jan 2011 skrevet av asmund
Klubbkveldane våre er no i bygg G på Follo, kvar måndag klokka 19.00.

Velkommen til både nye og gamle medlemmer!

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 105 106 107 108 109 110 111 112 113 114 115 116 117 118 119 120 121 122 123 ... 125 ... 127 ... 129 ... 131 ... 133 ... 135 ... 137 ... 139 ... 141 ... 143 ... 145 ... 147 ... 149 ... 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... 159 ... Next >>

Powered by CuteNews