Nyheter


OL-amputert 3. runde

16 Feb 2010 skrevet av asmund
Bl.a. pga. OL vart 3. runde i klubbmesterskapet nokså amputert, i konkurranse med Bjørgen og Northug. Berre eitt parti vart gjennomført, til gjengjeld eit svært dramatisk eitt:

Åsmund Forfang - Richardson Fernandes 1-0

Ein kaotisk affære full av spente situasjonar og feil smurte ski. Først kom dronninga til Richardson i stor fare der ho einsam svirra rundt i ein trommel under bombardement frå Åsmunds bønder og lette offiserar. Så forvandla ho seg plutseleg til eit vilt monster som trengte inn bak dei langt framrykka forsvarsverka til Åsmund og begynte å rasere i bonderekkene der. Åsmund stod til klokkereint tap da han i nød fekk bytta bort monsteret mot si eiga nokså flaue dronning, overtaket til Richardson bestod i tre meirbønder pluss den einaste kongen med vern framfor seg. Men Racambole var ikkje død, som det heiter. I bataljen som følgte, påførte Richardson seg ein frittståande dobbeltbonde, bytta bort det eine tårnet, mista ein fløybonde og bytta bort svartløparen mot Åsmunds springar, slik at behaldninga for begge var ein løpar - ulikefarga - og eit tårn. Åsmunds stilling var kraftig forbetra og han hadde plutseleg dei farlegaste bøndene. Situasjonen var full av feller, ei av dei smekka til, og ein av Åsmunds bønder vart ustoppeleg og avgjorde partiet.

3. runde i klubbmesterskapet 15. februar

14 Feb 2010 skrevet av asmund
Oppsett for 3. runde i klubbmesterskapet:

Lars Lium - Rudi Kilen
Åsmund Forfang - Richardson Fernandes
Shamil Shkalahov - Matts Eriksen
Kjell Næssvold WO

Tap også i siste runde av seriesjakken

14 Feb 2010 skrevet av asmund
Vi står att med 0 lagpoeng etter årets seriesjakk i 1. divisjon. Men individuelle poeng har vi sanka, så også i dag mot Trondeheimsstudentene 1, der vi i det minste fekk tre remisar. Men med tap på 1. og 4. bord vart det tap med 3 1/2 - 1 1/2.

Siste runde i seriesjakken - Orkdal-Trondheimsstudentene

09 Feb 2010 skrevet av asmund
På søndag får vi ein siste sjanse til å kapre poeng i 1. divisjon. Så langt har vi altså 0 lagpoeng. Kampstart kl 11 på Strandheim.

Jamt i teten på lynkveld

09 Feb 2010 skrevet av asmund
Lyn i går kveld, hard kamp om poenga, resultat:

Åsmund Forfang 7,5 (av 10)
Richardson Fernandes 6,5
Matts Eriksen 6,5
Rudi Kilen 6
Lars Lium 3,5
Shamil Shkalahov 1

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 113 114 115 116 117 118 119 120 121 122 123 124 125 126 127 128 129 130 131 ... 133 ... 135 ... 137 ... 139 ... 141 ... 143 ... 145 ... 147 ... 149 ... 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... Next >>

Powered by CuteNews