Nyheter


4. runde spelt

06 Oct 2009 skrevet av asmund
Alle tre parti i fjerde runde i haustturneringa vart spelt i går kveld:

Kjell Næssvold - Rudi Kilen 1-0
Richardson Fernandes - Matts Eriksen 0-1
Åsmund Forfang - Lars Lium 1/2-1/2

Åsmund greidde den prestasjonen i partiet mot Lars å miste ein sikker seier ved å veksle ein bonde inn for ei ny dronning litt for tidleg. Lars kunne da med si eine dronning mot Åsmunds to rykke inn mot Åsmunds konge og stille han evig sjakk.

Matts og Rudi i Trondheim

05 Oct 2009 skrevet av asmund
23. september var Matts og Rudi frå Orkdal sjakklubb med i Kaptein Roosen GP i Trondheim, ei hurtigsjakkturnering. Heiderleg resultat av begge, 6. og 8. plass - Rudi møtte vinnaren av turneringa, GM Mihajlo Stojanovic, men ingen GM-skalp til Orkdal denne gongen ...

Kikk på resultatlista her.

Runde 3 sist måndag - og oppsett for runde 4

29 Sep 2009 skrevet av asmund
Berre eitt parti i runde 3 vart avvikla sist måndag:
Kjell Næssvold - Richardson Fernandes 1-0

Det begynner å bli ein del uspelte parti, og vi må prøve å avtale parti privat i tillegg til å bruke oppsamlingskvelden om to måndagar.

Oppsett kommande måndag, 4. runde:

Richardson Fernandes - Matts Eriksen
Rudi Kilen - Kjell Næssvold
Åsmund Forfang - Lars Lium
Claudio Higueras WO

Lyn-Matts i sving igjen

21 Sep 2009 skrevet av asmund
Matts er i form for tida, godt resultat i Knut Brokstad og solid seier i haustens første lynturnering. Seks medlemmer møtte fram i kveld. Resultat:

Matts Eriksen 9 (av 10)
Åsmund Forfang 7
Rudi Kilen 5
Lars Lium 5
Marius Eriksen 4
Richardson Fernandes 0

Resultat Knut Brokstads minneturnering

21 Sep 2009 skrevet av asmund
Tre frå Orkdal sjakklubb deltok i Knut Brokstads minneturnering i regi av Trondheim sjakkforening i helga. Matts Eriksen gjorde det best med ein 21. plass og 50 % skåre i det harde beitet og ein ratingprestasjon på 1847. Hallvar Gisnås kom på 30. og Kjell Næssvold på 32. plass.

Her kan du sjå resultatlista.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 125 126 127 128 129 130 131 132 133 134 135 136 137 138 139 140 141 142 143 ... 145 ... 147 ... 149 ... 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... 159 ... 161 ... 163 ... Next >>

Powered by CuteNews