Nyheter


NB! Siste runde i haustturneringa 1. desember

25 Nov 2008 skrevet av asmund
Vi flyttar siste runde av haustturneringa frå 8. desember til 1. desember.

Oppsett:
Kjell Næssvold - Åsmund Forfang
Rudi Kilen - Matts Eriksen
Richardson Dayvid Fernandes - Gunnar Gisnås
Lars Lium WO

Ei viss teoretisk spenning er det om seieren - partiet mellom Kjell og Åsmund er avgjerande for førsteplassen. Dei er dei einaste som kan vinne trofeet. For Kjell held det med remis, Åsmund treng seier. Men sant å seie har vel Åsmund lite å stille opp med her, ut frå vår kjennskap til han.

Full pott igjen (GRR!) til Kjell Næssvold

25 Nov 2008 skrevet av asmund
Fem medlemmer sist måndag, først ein hurtigrunde med 10 minutt tenketid, så ein lynrunde med 5 minutt. Kjell Næssvold nærast paraderte gjennom alle rundane, sjølv om han stod på vaklande bein undervegs i somme av partia, må vi jo påpeike. Men det hjelper lite når motstandaren til slutt vaklar enda meir ...

Resultat

Hurtigrunden:
Kjell Næssvold 4
Matts Eriksen 3
Åsmund Forfang 2
Rudi Kilen 1
Lars Lium 0

Lynrunden:
Kjell Næssvold 4
Matts Eriksen 3
Lars Lium 1 1/2
Åsmund Forfang 1
Rudi Kilen 1/2

Seier mot Trondheimsstudenene 3

25 Nov 2008 skrevet av asmund
Orkdal vann den første seriekampen i årets sesong mot tredjelaget til Trondheimsstudentene.
Både Matts og Rudi på 3. og 4. bord vann ganske greitt og raskt, mens partia på 1. og 2. bord vart meir langdryge pinsler. Hallvar kom i ei klar tapsstilling, mens Kjell kanskje kunne ha utnytta ein fordel i midtspelet, men enda opp i ei dønn remisstilling.

Totalt resultat: 2 1/2 - 1 1/2, og det må vi seie oss brukbart fornøgd med. Neste seriekamp er mot SMPOAÅ, ein erkefiende vi vil satse alt på å slå!

Resultat:
(Spelaren frå heimelaget Orkdal til venstre i oppstillinga. Orkdal spelte med svart på 1. og 3. bord, kvit på 2. og 4. bord.)

1. Kjell Næssvold - Jarle Kvåle : 1/2
2. Hallvard Gisnås - Anders S. Norli : 0-1
3. Matts Eriksen - Tore Hauan: 1-0
4. Rudi Kilen - Ole Chr. Norum: 1-0

Partia blir lagt ut på partibasen vår med det første.

Harde fightar i 6. runde i Haustturneringa

18 Nov 2008 skrevet av asmund
Etter nest siste runde er stillinga den at både Kjell og Åsmund kan vinne Haustturneringa, og vi har ordna det så vist at dei to møtest i siste runde den 8. desember.

I sjette runde i går, 17. november, vart det utkjempa til dels ville fightar på sjakkbrettet.

Matts tok kvalitet så det monna i partiet mot Gunnar. Så kunne det sjå ut over brettet som om Gunnar heldt på å få inn eit kvelartak på Matts. Men Matts viste seg å ha ei altfor god stilling, og det var til slutt han som fekk inn det avgjerande kvelartaket.

Richardson og Åsmund spelte det ryddigaste partiet i går kveld, partiet gjekk stramt og godt i ein dragevariant av siciliansk, med solide trekk, heilt til Richardson i ei litt pressa, men nokså lik stilling gjorde ein megatabbe i trekk 22 og gav opp direkte.

Det tredje partiet var midt inne i ville forviklingar da referenten gjekk. Referenten sendte derfor i dag e-post til den eine kombattanten med spørsmål om resultatet, og fekk dette nøkterne svaret:

"Hei!
Resultatet vart noko det slettest ikkje skulle ha vore. Først ofra svart ein løpar på h3, men kvit torde ikkje å ta i mot for det ville føre til at svart sette sjakk matt.Kvit arbeidde seg så fram til ein interessant gaffel med kvalitesgevinst, men svart såg andre vegen og sette dronninga på h4 med mattrussel i 1 trekk. Kvit kunne så slå begge dei svarte tårna, eitt med hest, det andre med hest og bonde. Dette vart det ikkje tid til for svart D og T raserte kongefløya og kvit konge kunne berre søke eksil på D-fløya. På turen spaserte han framom tårna sine, som sto som revmat på line 1. Komme til Kc1 kunne svart seie sjakk med tårnet og vinne heil D, men svart la bort kalkulatoren og bytte tårn i staden. Da hadde kvit kvalitet mot 3 bønder eller noko sånt.. Ikkje berre hadde kvit store problem i spellet, klaffen datt i trekk 41, og gongongen var berre eit par miutt unna da løparen til svart tok siste bonden til kvit. Dermed måtte kvit slå løparen med tårnet på a6, og kongen slo T. Dermed miste svart den nest siste bonden på c6. Svarts siste bonde sto da på f7, og da kan Orkdal Sjakklubb himself sjå kor akkurat kvit nådde att f-bonden.
Trur ikkje partiet kjem på heimesida, kvit ga opp å skrive i første tidsnøda, svart ga opp noko seinare, og etter det vart berre eitt og anna trekket notert. Men for sjakkinteresserte rebusfolk er rekonstruksjon ei utfordring. Men altså, ein merkeleg remis vart det til slutt. "

Resultat:

Gunnar Gisnås - Matts Eriksen 0-1
Richardson Dayvid Fernandes - Åsmund Forfang 0-1
Lars Lium - Rudi Kilen 1/2-1/2

Dei to første partia er lagt inn i partibasen vår.

Stillinga i Haustturneringa før siste runde:
Kjell Næssvold 6
Åsmund Forfang 5 1/2
Matts Eriksen 4
Rudi Kilen 3 1/2
Lars Lium 3
Richardson Dayvid Fernandes 2
Gunnar Gisnås 1

6. runde haustturneringa, oppsett

11 Nov 2008 skrevet av asmund
Måndag 17. november speler vi sjette og nest siste runde i haustturneringa:

Gunnar Gisnås - Matts Eriksen
Richardson Dayvid Fernandes - Åsmund Forfang
Lars Lium - Rudi Kilen
Kjell Næssvold WO

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 131 132 133 134 135 136 137 138 139 140 141 142 143 144 145 146 147 148 149 ... 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... 159 ... Next >>

Powered by CuteNews