Nyheter


Orkdals Eivind Andreas Almli til topps i Byåsen Barnas Grand Prix

26 May 2014 skrevet av asmund
Vår yngste medlem Eivind Andreas Almli deltok på Byåsen Barnas Grand Prix søndag 25. mai. Han gjorde reint bord, vann alle partia sine og gjekk dermed til topps. Gratulerer!

Klubbmesterskapet avgjort

26 May 2014 skrevet av asmund
To av dei tre gjenståande partia i klubbmesterskapet vart spelt sist tirsdag 20. mai:

Hans Andreasen - Lars Garberg 1-0
Arne Samskott - Lars Lium 1/2-1/2

Det står att eit utsett parti, Åsmund Forfang - Åsmund Almli. Men alt før det er spelt, er det klart at Åsmund Forfang har vunne turneringa, ettersom han vann det innbyrdes oppgjeret mot Hans Andreasen.

Stillinga i klubbmesterskapet før siste parti:
Åsmund Forfang 4
Hans Andreasen 4
Rudi Kilen 3
Åsmund Almli 2
Arne Samskott 2 1/2
Lars Lium 2 1/2
Lars Garberg 1

5. og siste runde i klubbmesterskapet 20. mai + hurtigsjakk

15 May 2014 skrevet av asmund
Klubbmesterskapet blir avslutta kommande tirsdag med 5. og siste runde. Oppsett:

Åsmund Forfang - Åsmund Almli
Hans Andreasen - Lars Garberg
Arne Samskott - Lars Lium
Rudi Kilen WO

NB: Det blir hurtigsjakk for andre som møter opp.

Stillinga i klubbmesterskapet før siste runde:
Åsmund Forfang 4
Hans Andreasen 3
Åsmund Almli 2
Arne Samskott 2
Lars Lium 2
Rudi Kilen 2
Lars Garberg 1

Resultat langsjakk / hurtigsjakkrunde

15 May 2014 skrevet av asmund
Tirsdag 13. mai med ni frammøtte, to av dei til eit utsett parti i 4. runde i klubbmesterskapet:

Rudi Kilen - Åsmund Forfang 0-1

Eit parti som nokså snart vart kaotisk og til Åsmunds fordel, heilt til han tabba seg ut og gav Rudi ein vinnarsjanse, som han til gjengjeld ikkje såg, og dermed gjekk det som det gjekk.

I hurtigsjakkrunden med 7 deltakarar drog Kjell Næssvold igjen det lengste strået i kvart einaste parti og vann dermed runden:

Kjell Næssvold: 5 (av 5)
Matts Eriksen 4
Arne Samskott 3
Åsmund Almli 3
Vidare deltok Lars Garberg, Eivind Andreas Almli og Birk Næssvold.

13. mai: Ny runde hurtigsjakk

08 May 2014 skrevet av asmund
Det blir avvikla eitt utsett parti i 4. runde i klubbmesterskapet førstkommande tirsdag 13. mai:
Rudi Kilen-Åsmund Forfang

Dei øvrige frammøtte møtest til ny hurtigsjakkdyst!

Oppmøte kl. 18.30. Velkommen!

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 135 136 137 138 139 140 141 142 143 144 145 146 147 148 149 150 151 152 153 ... 155 ... 157 ... 159 ... 161 ... 163 ... 165 ... 167 ... 169 ... 171 ... 173 ... 175 ... 177 ... 179 ... 181 ... 183 ... 185 ... 187 ... 189 ... 191 ... 193 ... 195 ... 197 ... 199 ... 201 ... 203 ... 205 ... 207 ... 209 ... 211 ... 213 ... 215 ... 217 ... 219 ... 221 ... 223 ... 225 ... 227 ... 229 ... 231 ... 233 ... 235 ... Next >>

Powered by CuteNews