OL-amputert 3. runde |
16 Feb 2010 skrevet av asmund |
Bl.a. pga. OL vart 3. runde i klubbmesterskapet nokså amputert, i konkurranse med Bjørgen og Northug. Berre eitt parti vart gjennomført, til gjengjeld eit svært dramatisk eitt: Åsmund Forfang - Richardson Fernandes 1-0 Ein kaotisk affære full av spente situasjonar og feil smurte ski. Først kom dronninga til Richardson i stor fare der ho einsam svirra rundt i ein trommel under bombardement frå Åsmunds bønder og lette offiserar. Så forvandla ho seg plutseleg til eit vilt monster som trengte inn bak dei langt framrykka forsvarsverka til Åsmund og begynte å rasere i bonderekkene der. Åsmund stod til klokkereint tap da han i nød fekk bytta bort monsteret mot si eiga nokså flaue dronning, overtaket til Richardson bestod i tre meirbønder pluss den einaste kongen med vern framfor seg. Men Racambole var ikkje død, som det heiter. I bataljen som følgte, påførte Richardson seg ein frittståande dobbeltbonde, bytta bort det eine tårnet, mista ein fløybonde og bytta bort svartløparen mot Åsmunds springar, slik at behaldninga for begge var ein løpar - ulikefarga - og eit tårn. Åsmunds stilling var kraftig forbetra og han hadde plutseleg dei farlegaste bøndene. Situasjonen var full av feller, ei av dei smekka til, og ein av Åsmunds bønder vart ustoppeleg og avgjorde partiet. |
3. runde i klubbmesterskapet 15. februar |
14 Feb 2010 skrevet av asmund |
Oppsett for 3. runde i klubbmesterskapet: Lars Lium - Rudi Kilen Åsmund Forfang - Richardson Fernandes Shamil Shkalahov - Matts Eriksen Kjell Næssvold WO |
Tap også i siste runde av seriesjakken |
14 Feb 2010 skrevet av asmund |
Vi står att med 0 lagpoeng etter årets seriesjakk i 1. divisjon. Men individuelle poeng har vi sanka, så også i dag mot Trondeheimsstudentene 1, der vi i det minste fekk tre remisar. Men med tap på 1. og 4. bord vart det tap med 3 1/2 - 1 1/2. |
Siste runde i seriesjakken - Orkdal-Trondheimsstudentene |
09 Feb 2010 skrevet av asmund |
På søndag får vi ein siste sjanse til å kapre poeng i 1. divisjon. Så langt har vi altså 0 lagpoeng. Kampstart kl 11 på Strandheim. |
Jamt i teten på lynkveld |
09 Feb 2010 skrevet av asmund |
Lyn i går kveld, hard kamp om poenga, resultat: Åsmund Forfang 7,5 (av 10) Richardson Fernandes 6,5 Matts Eriksen 6,5 Rudi Kilen 6 Lars Lium 3,5 Shamil Shkalahov 1 |
<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 183 184 185 186 187 188 189 190 191 192 193 194 195 196 197 198 199 200 201 ... 203 ... 205 ... 207 ... 209 ... 211 ... 213 ... 215 ... 217 ... 219 ... 221 ... 223 ... 225 ... 227 ... Next >>