Nyheter


Heimebanen avgjorde triatlonen ...

14 Sep 2010 skrevet av asmund
Stor dyst på Lars Liums grunn i Hoston i går kveld - triatlon med skotthyll, pilkast og sjakk med åtte frammøtte kombattantar. I kvar grein vart det delt ut plasseringspoeng etter graderinga 13-10-8-7-6-5-4-3.

Det hjelpte ikkje med nokre få øvingskast på den flotte, profesjonelle skotthyllbanen på Lium for nybegynnarane i denne sporten. Heimefavoritt Lars og Matts stilte med 100 poengs handikap, men det hjelpte lite for dei håpefulle outsiderane. Mens kubbane fall i koll i hopetal, vart det smultring på smultring iallfall på enkelte av deltakarane. Mens andre av nybegynnarane gjorde det brukbart. Uansett: seier i skotthyll til bonden sjøl, Lars Lium, med Matts Eriksen på andre.

Til pilkastkonkurransen kom nabo Anna med ordentlege smultringar, slike som berre smakar godt, til trøst og glede.

Her kom ein ny hostobygg, Einar, og tok førsteplassen like framfor Rudi, som mot slutten av 5 x 3 piler-runden fann tilbake til pubtaktene frå Øra-området. Lars like bak der att og låg godt an til samanlagtseieren.

Sjakkrunden - lynsjakk over 7 rundar - vart ein brutal affære med tidshandikap og hamring på sidemannens klokke og andre slags tabbar. Kjell viste seg atter som ein mann med kontroll på sjølv den knappaste tid, han spelte stort sett med minimal tenketid, 2 minutt mot 8. Likevel berre smultringar på motspelarane. Med denne sterke innsatsen løfta han seg opp til andreplass samanlagt og verdig til ei vinflaske.

Men den gjevaste vinflaska gjekk altså til verten med heimebanefordel, Lars, med ein snau margin på 1 plasseringspoeng, etter femteplass i sjakkrunden.

Resultat samanlagt:
Lars Lium 27 plasseringspoeng
Kjell Næssvold 26
Einar 24
Rudi Kilen 21
Åsmund Forfang 19
Gunnar Gisnås 18
Matts Eriksen 17
Endre Bjørgum 14
Smultring-Anna 4 (stilte berre i pilkast)

Resultat hurtigsjakk 6. september

07 Sep 2010 skrevet av asmund
Det var innskriving til langsjakkturnering 6. september. Få deltakarar i år - og vi kjører fleire korte langsjakkturneringar i staden for ei einaste. Første turnering får fire deltakarar og går måndagane 20. september - 4. oktober.

Dei fire frammøtte gjennomførte ein dobbel hurtigsjakkrunde, der Kjell på nytt drog lengste strå i visse parti der han sat med nokså korte strå undervegs:

Kjell Næssvold 5 (av 6)
Lars Lium 3
Åsmund Forfang 3
Rudi Kilen 1

Klubbmesterskapet endeleg avgjort

30 Aug 2010 skrevet av asmund
Det måtte to hurtigsjakkparti og to lynparti til før klubbmesterskapet - som hang over frå i vår - vart avgjort. Etter ferdispelt turnering i mai stod nemleg Kjell Næssvold og Matts Eriksen heilt likt, med 4,5 poeng og også like kvalitetspoeng.

I omspelet i kveld stod det 1-1 etter dei to hurtigsjakkpartia, først vann Matts med svart, så Kjell med svart. I det første lynpartiet stod vel Matts dårlegast, men Kjell glømte tida, og i tidsnøda hans fekk Matts inn ein matt. I andre parti, ein kongegambit med Kjell som kvit, spelte Matts ein innøvd og ekkel offervariant, kom fort på offensiven og avgjorde partiet i god tid før tida gjekk ut.

Altså: Gratulasjonar til Matts Eriksen for enda eit klubbmesterskap!

Resultat klubbmesterskapet 2010:
Matts Eriksen 4,5 (av 5)
Kjell Næssvold 4,5
Åsmund Forfang 3
Lars Lium 2
Rudi Kilen 1
Richardson Fernandes 0

Haustprogram med triatlon og mykje meir

24 Aug 2010 skrevet av asmund
Det blir eit varierande program i haustsesongen i sjakklubben:

Haustturneringa begynner 6. september. Antal rundar blir bestemt av kor mange som melder seg på.

Før det, 30. august, skal Matts Eriksen og Kjell Næssvold ut i eit omspel om klubbmestertittelen - dei to hamna i delt tet etter siste spelekveld i vår. I omspelet skal dei først gjennom to hurtigparti (15 minutt kvar), så om nødvendig to lynparti (5 minutt kvar), og er det ikkje avgjort da, må dei gjennom eit såkalla armageddonparti, dvs. at kvit får 6 minutt, svart 5 minutt, og at kvit må vinne, alt anna gir seier til svart.

Dei andre frammøtte 30. august speler hurtigsjakk, 10 minutt kvar.

13. september planlegg vi "triatlon" heime på garden til Lars Lium i Hoston, med greinene skotthyll, pilkast og sjakk, med handikaptillegg iallfall i skotthyll og sjakk.

Terminlista vidare blir bestemt når påmeldinga til haustturneringa er unnagjort.

Kjell Næssvold til topps i sesongens innleiande lyn

24 Aug 2010 skrevet av asmund
Fem frammøtte på opningskvelden 23. august. I ein dobbel lynrunde gjekk Kjell til topps og mangla berre eit halvpoeng på full pott. Men det sat langt inne - minst ein gong fekk han god hjelp av klokka ...

Resultat:
Kjell Næssvold 7,5 (av 8)
Åsmund Forfang 5,5
Matts Eriksen 5
Lars Lium 1,5
Rudi Kilen 0,5

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 115 116 117 118 119 120 121 122 123 124 125 126 127 128 129 130 131 132 133 ... 135 ... 137 ... 139 ... 141 ... 143 ... 145 ... 147 ... 149 ... 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... 159 ... 161 ... 163 ... 165 Next >>

Powered by CuteNews