Remis i hengeparti |
05 Dec 2011 skrevet av asmund |
Eit hengeparti frå 2. runde vart avgjort i dag, Lars mot Åsmund. Sist måndag vart partiet avbrote i nokså lik stilling. Etter få trekk gjorde så Lars ei feilvurdering som gav Åsmund stor fordel, som berre auka. Så presterte han å rote bort fordelen på +6,5 gjennom to vanvittige trekk. Mot slutten var det Lars som stod til klar fordel i eit nokså vrient sluttspel med fribønder på begge sida av brettet. Men ei feilvurdering førte altså partiet til remis, nokså rettferdig etter tabbar og spel ... Altså: Lars Lium - Åsmund Forfang 1/2 - 1/2 |
Seier til Orkdal i seriesjakken |
04 Dec 2011 skrevet av asmund |
Bra innsats i dag mot Svartlamon, 2,5-1,5: Resultat (Orkdal i store bokstavar): Thor Arne Wullum - KJELL NÆSSVOLD 0-1 MATTS ERIKSEN - Roald Arentz 0-1 Henrik Karlstrøm - ÅSMUND FORFANG 0-1 RUDI KILEN - Birger Kvam 1/2 - 1/2 |
2. runde i seriesjakken søndag 4. desember |
30 Nov 2011 skrevet av asmund |
Orkdal har heimekamp mot Svartlamon søndag 4. desember. Orkdal vidaregåande skole, bygg G, klokka 12.00. |
Hengeparti + lynrunde |
30 Nov 2011 skrevet av asmund |
Det utsette partiet mellom Lars Lium og Åsmund Forfang gjekk til hengeparti etter rundt 35 trekk sist måndag, i ei nokså lik stilling. Partiet blir tatt opp igjen og fullført kommande måndag. Samtidig avvikla dei øvrig frammøtte ein lyndunde: Rudi Kilen 4 (av 6) Matts Eriksen 4 Richardson Fernandes 3 Arne Samskott 1 |
Resultat 4. runde i haustturneringa + lynrunde |
25 Nov 2011 skrevet av asmund |
4. runde i haustturneringa vart avvikla måndag 21. november. To parti vart avgjort nokså fort, mens Lars og Kjell måtte gjennom ein stor batalje før partiet bikka i Kjells retning. Men Lars hadde stått avgjort best gjennom store delar av partiet, det såg lenge ut til å bikke hans veg. Lars Lium - Kjell Næssvold 0-1 Åsmund Forfang - Arne Samskott 1-0 Matts Eriksen - Rudi Kilen 1-0 Mens Lars og Kjell dreiv på med sitt, avvikla dei andre ein lynrunde: Matts Eriksen 8 Arne Samskott 4 Rudi Kilen 3,5 Åsmund Forfang 2,5 Ali ??? 0 |
<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 167 168 169 170 171 172 173 174 175 176 177 178 179 180 181 182 183 184 185 ... 187 ... 189 ... 191 ... 193 ... 195 ... 197 ... 199 ... 201 ... 203 ... 205 ... 207 ... 209 ... 211 ... 213 ... 215 ... 217 ... 219 ... 221 ... 223 ... 225 ... Next >>