Nyheter


Analyse- og treningskveld 2. november

27 Oct 2009 skrevet av asmund
Måndag 2. november analyserer vi parti og har ein rein treningskveld. Møt opp!

Haustturneringa avgjort

27 Oct 2009 skrevet av asmund
To parti i runde 6 og eitt parti i runde 7 vart spelt i går kveld.

Matts stod utan poengtap før sitt parti mot ratingfavoritt Kjell Næssvold i 6. runde. Ganske likt spel gjennom partiet. men Matts pressa mot kongestillinga til Kjell, som oversåg eit drepande bondetrekk og måtte innsjå nederlaget.

Dermed har Matts vunne haustturneringa ein runde før slutt; han har walkover i siste runde.

Åsmund kapra andreplassen ved å vinne over Richardson i eit 7.-rundeparti. Richardson sleppte ned ein springar i ei anna rute enn han hadde planlagt og stod straks til reint tap. Synd. Åsmund har avgitt 1 1/2 poeng, alle andre har avgitt meir, og Åsmund er ferdig med sine parti.

Det vart remis i 6. runde mellom Rudi og Lars - Lars spelte med ryggen mot veggen for remis med ein offiser under og med fribonde for Rudi, og Lars fekk betalt for den innbitte innsatsen.

Berre eitt parti står att av turneringa: Lars Lium - Kjell Næssvold. Det blir ein kamp om tredjeplassen.

Resultat:
6. runde
Kjell Næssvold - Matts Eriksen 0-1
Rudi Kilen - Lars Lium 1/2-1/2
7. runde
Åsmund Forfang - Richardson Fernandes 1-0


To parti i 5. runde spelt - oppsett 6. runde

20 Oct 2009 skrevet av asmund
I går kveld vart to parti i 5. runde i haustturneringa spelt:

Matts Eriksen - Rudi Kilen 1-0
Lars Lium - Richardson Fernandes 1-0

Neste måndag, 26. oktober, er det 6. runde:
Richardson Fernandes - Claudio Higueras
Rudi Kilen - Lars Lium
Kjell Næssvold - Matts Eriksen
Åsmund Forfang WO

Ny runde i haustturneringa - oppsett 19. oktober

19 Oct 2009 skrevet av asmund
Sist måndag vart det avvikla eit parti i 3. runde i haustturneringa:
Matts Eriksen - Åsmund Forfang 1-0.

I kveld 19. oktober står desse partia i 5. runde for tur:

Lars Lium - Richardson Fernandes
Matts Eriksen - Rudi Kilen
Claudio Higueras - Åsmund Forfang
Kjell Næssvold WO

Neste måndag: Oppsamlingsrunde + analyse/trening

06 Oct 2009 skrevet av asmund
Måndag 12. oktober blir det oppsamlingsrunde i haustturneringa. I skrivande stund er det usikkert kven som skal spele - finn ut om du har eit uspelt parti, og ta kontakt.

Eitt parti er sikkert: Matts Eriksen - Åsmund Forfang

Dei som ikkje speler oppsamlingsrunde, kan analysere parti frå tidlegare rundar eller spele treningsparti. Eller spele for rein moro.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 197 198 199 200 201 202 203 204 205 206 207 208 209 210 211 212 213 214 215 ... 217 ... 219 ... 221 ... 223 ... 225 ... 227 ... 229 ... 231 ... 233 ... 235 ... 237 Next >>

Powered by CuteNews