Nyheter


Resultat NM i lynsjakk

19 Aug 2014 skrevet av asmund
Orkdal hadde to deltakarar i NM i lynsjakk 20. juli: far og son Åsmund og Eivind Andreas Almli. Åsmund Almli kom til finalen i klasse 5, ein god prestasjon, og vart nr. 6 av dei seks finalistane med 1 poeng. Eivind Andreas var blant dei mange i miniputtklassen som dessverre ikkje nådde finalen.

Åttande og siste dag i sjakk-NM i Trondheim

19 Jul 2014 skrevet av asmund
To av orkdalingane har grunn til å vere fornøgd i dag.

Først Lars Lium, som avslutta mesterskapet med to strake og solide seirar og kom på ein svært så god 12. plass i klasse 3 med 5,5 poeng av 9.

Dernest miniputt Eivind Andreas Almli, som med seier i siste runde kom opp på 5 poeng på ein 22. plass.

Dei tre andre gjekk det skit med, altså tap. I klasse 3 endte Hans A. Andreasen på 4 poeng og ein 38. plass. Åsmund Forfang avslutta turneringa langt under pari med to strake tap og vart ståande på 4,5 poeng og endte på 28. plass.

I klasse 4 gjekk Rudi Kilen på ein seier og står med 3,5 poeng på ein 34. plass.

Sjuande dag i sjakk-NM i Trondheim

18 Jul 2014 skrevet av asmund
Ein grei dag, to seirar, to tap, ein remis ...

Ein av seirane stod miniputten vår Eivind Andreas Almli for, og han er dermed oppe i 4 poeng av 8, altså halv score. Det er bra!

I klasse 3 spelte Hans B. Andreasen atter remis. Lars Lium vann partiet sitt, men Åsmund Forfang tapte heilt unødvendig: tilbydde remis i ei enkel og kliss uavgjort sluttspelstilling, men såg spøkelse da motstandaren ikkje tok imot tilbodet, og gjorde ein bommert ... Lars ligg på 20. plass med 4,5 poeng, Åsmund på plassen bak med same poengsum. Hans er på 30. plass med 4. poeng

I klasse 4 gjekk Rudi Kilen på eit nytt tap og ligg på 26. plass med 3,5 poeng.

Sjette dag i sjakk-NM i Trondheim

17 Jul 2014 skrevet av asmund
Tre tap, ein seier og ein remis, altså ein nokså mørk dag for deltakarane frå Orkdal sjakklubb.

Den eine seieren kom av at Åsmund Forfang slo klubbkollega Lars Lium. Lars ramlar dermed med sine 3,5 poeng nedover resultatlista i klasse 3 til 25. plass, mens Åsmund etter ein nokså rufsete start sakte nærmar seg toppsjiktet og no ligg på 12. plass med 4,5 poeng av 7.

Hans A. Andreasen spelte remis også i dag og ligg på 32. plass i klasse 3 med 3,5 poeng, mens Rudi Kilen måtte tåle eit tap etter gevinsten i går og er på 21. plass i klasse 4, også med 3,5 poeng

Også miniputten vår, Einvind Andreas Almli, måtte tåle eit tap i dag, men 3 poeng på 7 rundar er bra for ein som er så ny i gamet.

Femte dag i sjakk-NM i Trondheim

16 Jul 2014 skrevet av asmund
Brukbar dag samla sett for orkdalingane i dag: to seirar, to remis og eitt tap.

Men Lars Lium, som starta med å sanke poeng etter poeng, har komme inn i ein tung fase i turneringa og gjekk på sitt andre tap på rad i dag. Dermed fall han ned til 15. plass i klasse 3 med sine 3,5 poeng av 6 mulege.

Hans B. Andreasen og Åsmund Forfang, også i klasse 3, tok kvar sin remis, Åsmund etter å ha oversett ein tvungen remisvariant i ei overlegen stilling. Hans ligg på 28. plass med 3 poeng, Åsmund på 20. plass med 3,5 poeng.

Både Rudi Kilen i klasse 4 og Eivind Andreas Almi i miniputtklassen revansjerte seg i dag og vann partia sine. Rudi ligg no på 19. plass med 3,5 poeng. Eivind Andreas har komme opp i 3 poeng og er nr. 28. Fin innsats av nykommaren vår!

I morgon blir det nytt internoppgjer i klasse 3: Lars Lium - Åsmund Forfang.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 131 132 133 134 135 136 137 138 139 140 141 142 143 144 145 146 147 148 149 ... 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... 159 ... 161 ... 163 ... 165 ... 167 ... 169 ... 171 ... 173 ... 175 ... 177 ... 179 ... 181 ... 183 ... 185 ... 187 ... 189 ... 191 ... 193 ... 195 ... 197 ... 199 ... 201 ... 203 ... 205 ... 207 ... 209 ... 211 ... 213 ... 215 ... 217 ... 219 ... 221 ... 223 ... 225 ... 227 ... 229 ... 231 ... 233 ... 235 ... Next >>

Powered by CuteNews