Nyheter


Minner om kontingentinnbetaling

26 Feb 2009 skrevet av asmund
Vi minner medlemmene om å hugse å betale inn medlemskontingenten på bankkonto 4270.14.85925. Helst før utgangen av februar!

Klubbmesterskapet: Oppsamlingsrunde 23. februar

18 Feb 2009 skrevet av asmund
Vi prøver å avvikle tre oppsamlingsparti på førstkommande måndag:

Matts Eriksen - Shamil Shkalahov
Rudi Kilen - Gunnar Gisnås
Richardson D. Fernandes - Åsmund Forfang

Konrad: Matts auka i tet, Rudi i slag

17 Feb 2009 skrevet av asmund
Fire deltakarar møtte opp til dyst om nye Konrad-poeng måndag. På ny skåra Matts hakket betre enn konkurrentane:

Matts Eriksen 16 (av 18)
Åsmund Forfang 14
Rudi Kilen 10
Gunnar Gisnås 8

Etter denne runden kom Lars rekande, mens Gunnar stakk tilbake til Børsa. I den påfølgjande doble lynrunden hadde Rudi kvelden, særleg Åsmund fekk unngjelde med to knusande tap. Resultat:

Rudi Kilen 4 (av 6)
Matts Eriksen 4
Åsmund Forfang 2,5
Lars Lium 1,5

Samanlagte poengsummar i 4 rundar i Konrad-turneringa:
Matts Eriksen 51
Åsmund Forfang 44
Rudi Kilen 36
Gunnar Gisnås 31
Lars Lium 28
Marius Eriksen 18

Terminlista for våren

16 Feb 2009 skrevet av asmund
Endeleg har formannen fått ut fingeren og lagt ut terminlista for våren - den ligg på "Om oss".

Orkdal til topps i 2. divisjon

16 Feb 2009 skrevet av asmund
Etter helgas serierunde er Orkdal på toppen av 2.divisjonstabellen i Midt-Norge med 8 poeng, 1 poeng framfor Svartlamon 1. Dersom vi skårar 2 poeng på dei to siste kampane, som blir spelt i mars, vinn vi divisjonen. Svartlamon har nemleg berre ein kamp igjen og får maksimalt 9 poeng.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 157 158 159 160 161 162 163 164 165 166 167 168 169 170 171 172 173 174 175 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 Next >>

Powered by CuteNews