Nyheter


Interesse for langsjakk

20 Sep 2020 skrevet av asmund
Dersom du har lyst til å bli med på ei langsjakk-turnering i haust, kan det bli aktuelt ved at vi legg den til eit anna lokale der vi ikkje må vere ute til kl. 21. Det blir ev. på ein annan vekedag enn tirsdag. Er du interessert, så meld frå til leiar Kjell Næssvold på e-post: kjellnassvold@gmail.com.

Ny hurtig-kveld tirsdag 22. september

20 Sep 2020 skrevet av asmund
Vi fortset med hurtigsjakk - 10 min + 10 sek - på klubbkvelden tirsdag 22 september. Velkommen!

Hurtigsjakk tirsdag 15. september

11 Sep 2020 skrevet av asmund
På oppstartsmøtet for hausten tirsdag 8. september møtte fire medlemmer til ein runde hurtigsjakk. Det vart spel med eingongshanskar, og det gjekk fint, med trygge koronareglar: god avstand mellom spelarane og Antibac i lokalet.

Det blir berre hurtigsjakk framover. Vi får tilgang til lokalet berre i tidsrommet 18.30 til 21.00 fordi lokala ved skulen skal vaskast ordentleg ned kvar kveld.

Velkommen tirsdag 15. september kl. 18.30!

Oppstart i Orkdal sjakklubb! Tirsdag 8. september kl. 18.30

04 Sep 2020 skrevet av asmund
Vi har fått beskjed frå Follo om at vi igjen kan låne lokala der.

Da startar vi opp straks, tirsdag 8. september kl. 18.30. MERK TIDSPUNKTET. Vi har lov til å bli der berre til kl. 21, for da skal romma reingjerast etter dei nye koronareglane.

Også vi er strengt underlagt smittereglane: 1 meters avstand, handvask, berre den som er i trekket, har lov til å bøye seg over brettet, og utstyr må reingjerast med sprit når ein ny spelar skal bruke det.

Turnering i Levanger 11.-13. september

04 Sep 2020 skrevet av asmund
Levanger GP blir arrangert fysisk også i år, trass i koronaplagene. For å få til det har Levanger sjakklubb flytta arrangementet til romslege lokale ved Nordtun Grendehus 5 kilometer frå Levanger sentrum. Dette kan bli ei hyggeleg helg etter stort sett berre nettspeling sidan mars.

Informasjon og påmelding her.
Kart som viser vegen til Nordtun Grendehus finn du her.

<< Previous 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 ... 13 ... 15 ... 17 ... 19 ... 21 ... 23 ... 25 ... 27 ... 29 ... 31 ... 33 ... 35 ... 37 ... 39 ... 41 ... 43 ... 45 ... 47 ... 49 ... 51 ... 53 ... 55 ... 57 ... 59 ... 61 ... 63 ... 65 ... 67 ... 69 ... 71 ... 73 ... 75 ... 77 ... 79 ... 81 ... 83 ... 85 ... 87 ... 89 ... 91 ... 93 ... 95 ... 97 ... 99 ... 101 ... 103 ... 105 ... 107 ... 109 ... 111 ... 113 ... 115 ... 117 ... 119 ... 121 ... 123 ... 125 ... 127 ... 129 ... 131 ... 133 ... 135 ... 137 ... 139 ... 141 ... 143 ... 145 ... 147 ... 149 ... 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... 159 ... 161 ... 163 ... 165 ... 167 ... 169 ... 171 ... 173 ... 175 ... 177 ... 179 ... 181 ... 183 ... 185 ... 187 ... 189 ... 191 ... 193 ... 195 ... 197 ... 199 Next >>

Powered by CuteNews