Nyheter


Aktiviteten innstilt inntil vidare

04 Jan 2021 skrevet av asmund
Dei nye smitteverntiltaka gjer at vi må utsette oppstarten av sjakklubben i det nye året inntil myndigheitene gir grønt lys for slike aktivitetar, i første omgang fram til 18. januar.

Resultat frå klubbmesterskapet i hurtigsjakk

18 Dec 2020 skrevet av asmund
Fordi det hører med til koronareglane frå Sjakkforbundet å halde seg unna lynsjakk, vart det årlege lynmesterskapet etter årsmøtet gjort om til hurtigsjakkmesterskap over fem rundar. Det var ni deltakarar, og klubbleiar Kjell Næssvold tok seieren, ei handsbreidd før Atle Asbøll Magnussen, avgjort ved innbyrdes oppgjer, som Kjell vann. Den som hindra Kjell i å nå fem fulle poeng, var Hallvard Rise, årets klubbmester i langsjakk, i siste runde.

Resultat:
Kjell Næssvold, 4 (av 5).
Atle Asbøll Magnussen 4, Åsmund Forfang 3,5, Hallvard Rise 3,5, Lars Lium 3, Tom Magnussen 2, Rudi Kilen 2, Kacper Pawlowski 1, Amir Spjøtvold Mian 1.

Gjenvalg på årsmøtet

18 Dec 2020 skrevet av asmund
Årsmøtet i Orkland sjakklubb vart avvikla torsdag 17. desember med vanlege årsmøtesaker og åtte frammøtte. Formann Kjell Næssvold var ikkje på val. Åsmund Forfang og Tom Magnussen vart gjenvalgt som styremedlemmer. Ny varamedlem vart Atle Asbøll Magnussen. Årsmøtet vedtok også å innføre kjønnsnøytrale namn på verva i klubben, slik at Kjell frå i år er leder/leiar.

KLUBBMESTERSKAP I HURTIGSJAKK 17. desember

11 Dec 2020 skrevet av asmund
Vi ønsker både klubbmedlemmer og andre sjakkspelarar velkommen til klubbmesterskap i hurtigsjakk torsdag 17. desember. Det blir arrangert straks etter årsmøtet vårt. Årsmøtet startar kl. 18.00, klubbmesterskapet i hurtigsjakk kl. 19.00.

Stad: Lokala til Revisjon Midt-Norge, Tiltaksvegen 22. Kart dit finn du her.

Ingen tirsdagssjakk 15. desember

11 Dec 2020 skrevet av asmund
Det blir ingen sjakkveld tirsdag 15. desember - i staden arrangerer vi klubbmesterskap i hurtigsjakk torsdag 17. desember.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 ... 45 ... 47 ... 49 ... 51 ... 53 ... 55 ... 57 ... 59 ... 61 ... 63 ... 65 ... 67 ... 69 ... 71 ... 73 ... 75 ... 77 ... 79 ... 81 ... 83 ... 85 ... 87 ... 89 ... 91 ... 93 ... 95 ... 97 ... 99 ... 101 ... 103 ... 105 ... 107 ... 109 ... 111 ... 113 ... 115 ... 117 ... 119 ... 121 ... 123 ... 125 ... 127 ... 129 ... 131 ... 133 ... 135 ... 137 ... 139 ... 141 ... 143 ... 145 ... 147 ... 149 ... 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... 159 ... 161 ... 163 ... 165 ... 167 ... 169 ... 171 ... 173 ... 175 ... 177 ... 179 ... 181 ... 183 ... 185 ... 187 ... 189 ... 191 ... 193 ... 195 ... 197 ... 199 ... 201 ... 203 ... 205 ... 207 ... 209 ... 211 ... 213 ... 215 ... 217 ... 219 ... 221 ... 223 ... 225 ... 227 ... 229 ... 231 ... 233 ... 235 ... Next >>

Powered by CuteNews