Nyheter


Stort oppmøte for tida!

19 Nov 2014 skrevet av asmund
16 sjakkspelarar var møtt fram sist tirsdag - med Magnus Carlsen har sjakken fått vind i segla! Og vi hadde tatt med for få sjakk-klokker, slik at fire av dei mest garva stod som tilskuarar til basketaka på bretta.

Ein tidshandikapprunde fekk dette resultatet:

1 Jon M Selbekk 5 p (av 5)
2 Morten Garberg 4 p
3 Torbjørn Smørgrav 3 p
vidare deltok Sindre Mælen, Tom Magnusen, Morten Skarholt, Isak Smørgrav, Marte Skarholt.

Berre to parti i 6. runde i haustturneringa kunne avviklast pga. forfall:

Arne Samskott-Rudi Kilen 1-0
Eivind Andreas Almli-Åsmund Almli 0,5-0,5

Sjakkturnering i Stjørdal 21.-23. november

13 Nov 2014 skrevet av asmund
Hell sjakklubb arrangerer ei turnering i langsjakk fredag 21.-søndag 23. september i Stjørdal. Turneringa går inn i ISBRE Norges Grand Prix 2014-2015.

Informasjon og påmelding her.

Hurtigsjakk + 6. runde i haustturneringa tirsdag 18. november

12 Nov 2014 skrevet av asmund
Velkommen tirsdag 18. november til hurtigsjakk for deg som ikkje er med i haustturneringa. Oppmøte kl. 18.30.

I tillegg blir det avvikla tre parti i 6. og nest siste runde i haustturneringa:
Kjell Næssvold - Arnstein Skåra
Arne Samskott - Rudi Kilen
Eivind Andreas Almli - Åsmund Almli

Eitt parti i 6. runde vart avvikla sist tirsdag:
Hans B. Andreasen - Lars Lium 1-0

Partiet Åsmund Forfang - Matts Eriksen blir utsett pga. reise.

Stort frammøte på hurtigsjakken

12 Nov 2014 skrevet av asmund
Vi hadde 24 deltakarar på hurtigsjakkturneringa tirsdag 11. november, med besøk frå både Hell og Melhus. Her var det både barn og vaksne, ferske spelarar og folk på meisternivå. Stor stemning og fin avvikling med Hells Torbjørn Dahl som turneringsledar.

Hyggeleg for oss av vår eigen Kjell Næssvold gjekk til topps med fem strake seirar, med Hells Trygve Dahl på andreplass og Orkdals Matts Eriksen på tredje.

Resultatlista vil etter kvart bli lagt ut her.

Tirsdag 11. november: Hurtigsjakkturnering med gjester

06 Nov 2014 skrevet av asmund
Vi minner om den åpne hurtigsjakkturneringa førstkommande tirsdag, der vi får besøk frå Hell sjakklubb. Vi oppfordrar alle som kan, til å stille, slik at gjestene får motstand ...

Velkommen! NB! OPPMØTE KL. 18.00

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 123 124 125 126 127 128 129 130 131 132 133 134 135 136 137 138 139 140 141 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 ... 218 ... 220 ... 222 ... 224 ... 226 ... 228 ... 230 ... 232 ... 234 ... 236 Next >>

Powered by CuteNews