Nyheter


Oppsett 4. runde i klubbmesterskapet 8. april

03 Apr 2014 skrevet av asmund
Vi gjennomfører 4. runde av klubbmesterskapet i langsjakk tirsdag 8. april.

Oppsett:
Rudi Kilen - Åsmund Forfang
Lars Lium - Hans B. Andreasen
Sander Halvorsen - Åsmund Almli
Lars Garberg - Arne Samskott

Lars til topps i hurtigrunden

03 Apr 2014 skrevet av asmund
Lars Lium trona åleine på toppen i hurtigrunden tirsdag 1. april med 4 poeng på dei 4 rundane vi rakk. På delt andreplass kom Åsmund Almli og Åsmund Forfang med 3. Ellers deltok Rudi Kilen, Anders Skuterud, Eivind Andreas Almli, Sander Halvorsen og Lars Garberg.

Hurtigsjakk 1. april

31 Mar 2014 skrevet av asmund
Tirsdag 1. april kjører vi hurtigsjakk, med 15-20 minutt pr. person. Velkommen!

Den som ønsker å trene eller å få instruksjon, kan møte 1 time før, kl. 18.00.

Resultat 3. runde i klubbmesterskapet

26 Mar 2014 skrevet av asmund
Heile tredje runde vart avvikla i går kveld, tirsdag 25. mars. På førstebord møttest dei to hittil einaste ubeseira deltakarane, Hans B. Andreasen og Åsmund Forfang. Hans var uforsiktig svært tidleg i spelet og kom straks eit tårn under, som avgjorde partiet til Åsmunds fordel, sjølv om Hans sette opp alle gjenverande brikker i eit kolossalt press mot Åsmunds konge.

Oppgjeret mellom våre to yngste og ferske medlemmer, Sander Halvorsen og Lars Garberg, stod lenge nokså likt, i avbyttevarianten i spansk, ei åpning iallfall Lars tydelegvis har kikka nærare på. Ei feilvurdering av Sander i ei lik stilling førte til tap av offiser, og Lars rodde partiet i land. Partiet viser at dei to er i ferd med å bli solide spelarar.

Åsmund Almli og Lars Lium gjekk inn i ei d4-åpning som Lars typisk nok vrei over i fransk. Også her var det ein lei konsentrasjonsglipp som gjorde slutt på spenninga i eit spel som bølga fram og tilbake, og Lars kunne ta heile poenget.

Resultat:
Hans B. Andreasen - Åsmund Forfang 0-1
Arne Samskott - Rudi Kilen 0-1
Åsmund Almli - Lars Lium 0-1
Sander Halvorsen - Lars Garberg 0-1

Trening/instruksjon kl. 18 - langsjakk kl. 19 i kveld

25 Mar 2014 skrevet av asmund
Minner om langsjakkrunden i kveld, tirsdag 25. mars.

Møter du ein time før, kl. 18, kan du trene eller få instruksjon.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 137 138 139 140 141 142 143 144 145 146 147 148 149 150 151 152 153 154 155 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 ... 218 ... 220 ... 222 ... 224 ... 226 ... 228 ... 230 ... 232 ... 234 ... 236 Next >>

Powered by CuteNews