Nyheter


Nest siste spelekveld før jul: lyn + siste parti haustturneringa

04 Dec 2013 skrevet av asmund
Tirsdag 10. desember blir siste vanlege spelekveld i år, før vi held årsmøte med klubbmesterskap i lyn 17. desember.

10. desember må da det avgjerande partiet i haustturneringa spelast:
Matts Eriksen - Kjell Næssvold

Kjell greier seg med uavgjort for å vinne turneringa, Matts må vinne partiet.

Dei øvrige speler lyn som trening til klubbmesterskapet den 17.

Nest siste parti i haustturneringa

04 Dec 2013 skrevet av asmund
Det nest siste gjenståande partiet i haustturneringa vart gjennomført tirsdag 3. desember, eit nokså skurvete parti frå begge sider, men kvast og vilt nok:

Åsmund Forfang - Matts Eriksen 1/2 - 1/2

Etterpå gjennomførte alle frammøtte ein tidshandikaprunde:

Matts Eriksen 4 (av 4)
Lars Lium 2
Pål Smebye 2
Arne Samskott 1
Åsmund Forfang 1

Resultat siste runde i haustturneringa

27 Nov 2013 skrevet av asmund
To parti i siste runde i haustturneringa vart avvikla tirsdag 26. november:

Pål Smebye - Arne Samskott 1-0
Eit svært jamt parti heilt til Arne gjorde ein Anand-bukk og plutseleg stod til tap.

Lars Lium - Åsmund Forfang 0-1
Eit skarpt og taktisk parti etter mottatt dronninggambit 1 d4 d5 2 c4 dxc4 3 e3 Le6?!, eit snodig og tilsynelatande tåpeleg trekk som Åsmund før partiet hadde oppdaga var førstevalget til dataprogrammet Rybka.

Matts Eriksen - Kjell Næssvold var utsett pga. utanlandsreise.

Da gjenstår det to parti i haustturneringa:
Matts Eriksen - Åsmund Forfang
Matts Eriksen - Kjell Næssvold

Stillinga i turneringa:
Kjell Næssvold 5
Matts Eriksen 4
Åsmund Forfang 3
Lars Lium 3
Pål Smebye 2
Rudi Kilen 1
Arne Samskott 1

Til nye sjakkinteresserte

23 Nov 2013 skrevet av asmund
Har VM-matchen og verdensmeistertittelen til Magnus Carlsen gitt deg ny interesse for å spele sjakk?

Ta kontakt med oss, så skal vi arrangere ein sjakkveld for nye interesserte. Klikk "Kontakt" i menyen på denne sida, så finn du e-post og telefonnummer til oss.

Oppsett siste runde i haustturneringa 26. november

21 Nov 2013 skrevet av asmund
Siste runde i haustturneringa blir spelt 26. november:

Lars Lium - Åsmund Forfang
Pål Smebye - Arne Samskott

Partiet Matts Eriksen - Kjell Næssvold blir utsett på grunn av ei utanlandsreise.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 147 148 149 150 151 152 153 154 155 156 157 158 159 160 161 162 163 164 165 ... 167 ... 169 ... 171 ... 173 ... 175 ... 177 ... 179 ... 181 ... 183 ... 185 ... 187 ... 189 ... 191 ... 193 ... 195 ... 197 ... 199 ... 201 ... 203 ... 205 ... 207 ... 209 ... 211 ... 213 ... 215 ... 217 ... 219 ... 221 ... 223 ... 225 ... 227 ... 229 ... 231 ... 233 ... 235 ... Next >>

Powered by CuteNews