Nyheter


Kjell Næssvold til topps i sesongens innleiande lyn

24 Aug 2010 skrevet av asmund
Fem frammøtte på opningskvelden 23. august. I ein dobbel lynrunde gjekk Kjell til topps og mangla berre eit halvpoeng på full pott. Men det sat langt inne - minst ein gong fekk han god hjelp av klokka ...

Resultat:
Kjell Næssvold 7,5 (av 8)
Åsmund Forfang 5,5
Matts Eriksen 5
Lars Lium 1,5
Rudi Kilen 0,5

Kristiansund Grand Prix 26.-29. august - møt Carlsen, Anand, Polgar, Hammer

22 Aug 2010 skrevet av asmund
Årets storturnering i landsdelen vår blir gjennomført i Kristiansund kommande helg. Gå inn her og meld deg på!

Lyst til å vere med på Sjakkfeiden i Østersund 4.-5. september?

22 Aug 2010 skrevet av asmund
Årets landsdelskamp mellom Trøndelag og Jämtland skal gå av stabelen i Østersund helga 4.-5. september. Har du lyst, har du lov - gå inn på heimesida til Sjakkfeiden her.

Haustseongen begynner 23. august

16 Aug 2010 skrevet av asmund
Hei, medlemmer og andre interesserte!

Måndag 23. august går vi i gang igjen med faste klubbkveldar på Strandheim, Orkanger, kl. 19.00.

Vel møtt!

Klubbmesterskapet snart i mål

04 May 2010 skrevet av asmund
7. og siste runde i klubbmesterskapet blir avvikla førstkommande måndag 10. mai. Oppsett:

Matts Eriksen - Kjell Næssvold
Richardson Fernandes - Rudi Kilen
Shamil Shkalahov - Lars Lium
Åsmund Forfang WO

Partiet mellom Matts og Kjell kan avgjere mesterskapet. Begge har full skåre så langt, men Matts har enno to hengeparti, dei einaste partia som står att når denne runden er over.

Eit parti vart avvikla på Lium gård uti Hoston på sjølvaste 1. mai:
Kjell Næssvold - Lars Lium 1-0

Eit parti der Kjell måtte slite i 72 trekk, og i store delar av partiet stod nest best. Lars beit skikkeleg ifrå seg, men små feil i skarpe stillingar blir fort skjebnesvangre.

Stillinga i turneringa:
Kjell Næssvold 5 (av 5)
Åsmund Forfang 4 (av 6)
Matts Eriksen 3 (av 3)
Lars Lium 2 (av 5)
Richardson Fernandes 1 (av 4)
Rudi Kilen 0 (av 5)
Shamil Shkalahov 0 (av 4)

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 187 188 189 190 191 192 193 194 195 196 197 198 199 200 201 202 203 204 205 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 ... 218 ... 220 ... 222 ... 224 ... 226 ... 228 ... 230 ... 232 ... 234 ... 236 ... Next >>

Powered by CuteNews