Nyheter


Lyn-runde 7. mars

08 Mar 2011 skrevet av asmund
Etter eit trevekers fråvær i Det fjerne austen kom formannen spelesugen tilbake og feidde til side all motstand i ein dobbelrunde i lyn - sjølv om eitt usselt tap formedelst ei dame som plutseleg kom i ein lei skvis, var bittert å måtte svelge. Og kanskje var det eit parti eller to der klokka var utslagsgivande ...

Resultat:
Åsmund Forfang 5 (av 6)
Matts Eriksen 4
Lars Lium 2 1/2
Rudi Kilen 1/2

Vi har dessutan for tida besøk av 11-årige Kristian - og vi ønsker alle nysgjerrige sjakkinteresserte velkommen til Follo på måndagskveldar klokka 19.00.

Tap i 4. runde i seriesjakken

12 Feb 2011 skrevet av asmund
Orkdal tapte 1-4 mot Trondheimstudentene i seriesjakken i dag - siste runde for vår del, ettersom vi har WO i morgon. Dermed står vi med 0 poeng og sisteplass.

Vårt eine poeng i dag stod Kjell for på 1. bord mot Brede Hagen. Matts på 2. bord kom fort under, mens Åsmund på 3. bord stod best før ein avsluttande kombinasjon der han i farten hoppa over første trekk i kombinasjonen og gjekk rett på andre og dermed loddrett tap. Lars heldt ut i det lengste med ein bonde under, men måtte gi tapt etter bortimot 70 trekk. Rudi spelte godt og stod godt, men ein plutseleg blunder tapte eit tårn og dermed tap.

Resultat (heimelaget Trondheimsstudentene til venstre)
Brede Hagen - Kjell Næssvold 0-1
Jonas Ingvaldsen - Matts Eriksen 1-0
Anders Nordli - Åsmund Forfang 1-0
Kristian Lund - Lars Lium 1-0
Sjur Vullum Løtveit - Rudi Kilen 1-0

Ein jamn lynrunde

07 Feb 2011 skrevet av asmund
Endeleg vart Kjells rekke med lynrundar utan tap brote - men det hindra ikkje at han gjekk til topps også i kveld:

Kjell Næssvold 6,5 (av 8)
Åsmund Forfangt 5
Matts Eriksen 4
Rudi Kilen 3
Lars Lium 1,5

Ille: Kjell Næssvold ubeseira på nytt ...

01 Feb 2011 skrevet av asmund
Dei øvrige har stadig problem med å påføre Kjell eit nederlag i lynsjakk - i går gjekk han på nytt gjennom turneringa med full pott, trass i alskens lugubre stillingar undervegs:

Kjell Næssvold 8 (av 8)
Matts Eriksen 5,5
Åsmund Forfang 3,5
Lars Lium 2
Rudi Kilen 1

Lynrunde 24. januar

24 Jan 2011 skrevet av asmund
Total utklassing frå Kjell i årets første lynrunde:

Kjell Næssvold 11 1/2 (av 12)
Åsmund Forfang 6 1/2
Matts Eriksen 4 1/2
Lars Lium 2

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 119 120 121 122 123 124 125 126 127 128 129 130 131 132 133 134 135 136 137 ... 139 ... 141 ... 143 ... 145 ... 147 ... 149 ... 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... 159 ... 161 ... 163 ... 165 ... 167 ... 169 ... 171 ... 173 ... 175 Next >>

Powered by CuteNews