Nyheter


Orkdal seiremester i 2. divisjon!

15 Mar 2009 skrevet av asmund
Det vart ein spennande kamp om seriemesterskapet i 2. divisjon i Midt-Norge. Orkdal møtte Svartlamon 1 i dag og gjekk på det første tapet denne sesongen med 0,5-3,5. Men halvpoenget vårt var nok til å hale i land seriemesterskapet.

SMPOAÅ spelte samtidig mot Trondheim 5 og vann 3-1. Dermed enda både SMPOAÅ og Orkdal på 10 lagpoeng og 16 individuelle poeng. Ettersom Orkdal slo SMPOAÅ i innbyrdes oppgjer, går altså seriemesterskapet til oss.

Vel blåst, guta!

Resultat Svartlamon 1 - Orkdal (orkdalingane ført opp til høgre):

Thor Arne Wullum (1588) - Hallvar Gisnås (1562) 1-0
Erik Magnus Larsen (-) - Åsmund Forfang (1397) 1/2-1/2
Henrik Karlstrøm (1394) - Lars Lium (1274) 1-0
Birger Kvam (1344) - Rudi Kilen (916) 1-0

Orkdal i kamp om mestertittelen i 2. divisjon

14 Mar 2009 skrevet av asmund
Orkdal sjakklubb vann 3 1/2 - 1/2 mot Trondheim 5 i dag. Dermed er vi ubeseira før siste kamp, som er i morgon mot Svartlamon 1.

Kampen i morgon vil avgjere kven som blir seriemester i 2. divisjon. Vi ligg i dag 2 poeng før SMPOAÅ. Dersom vi taper mot Svartlamon og SMPOAÅ vinn sin kamp, kan dei vinne 2. divisjon. Da må vi telle på dei personlege poenga laga har oppnådd.

Dersom Orkdal vinn eller greier uavgjort i morgon, blir vi seriemeistrar.

Resultat Orkdal - Trondheim 5 (orkdalingane ført opp til venstre):

Hallvar Gisnås (1562) - Bård Bårdsen (1577) 1-0
Matts Eriksen (1520) - Børge Haugvik (1503) 1-0
Lars Lium (1274) - Tore Løvaas (1466) 1-0
Rudi Kilen (916) - Jonas Moe (-) 1/2-1/2

Lyn i staden for klubbmesterskap

11 Mar 2009 skrevet av asmund
Vi har dårleg framdrift i Klubbmesterskapet i vår, og det kan ligge an til av vi avlyser turneringa og heller legg inn temakveldar med miniturnering over ei oppgitt åpning.

Sist måndag gjennomførte vi ei lynturnering:
Kjell Næssvold 5 (av 5)
Matts Eriksen 4
Lars Lium 2,5
Åsmund Forfang 1,5
Gunnar Gisnås 1
Rudi Kilen 1

Ny adresse på heimesida

06 Mar 2009 skrevet av asmund
Denne heimesida vår har fått ny adresse på nettet: orkdalsjakklubb.net.

Inntil vidare vil den som bruker den gamle adressa vår, bli omdirigert hit.

Femte Konrad-runde

03 Mar 2009 skrevet av asmund
7 stykke deltok i ny runde i Konrad-turneringa vår i går. Resultat:

Matts Eriksen 16 (av 18)
Åsmund Forfang 15
Marius Eriksen 12
Gunnar Gisnås 12
Lars Lium 12
Rudi Kilen 11
Shamil Shkalahov 6

Samanlagtstillinga etter fem rundar:
Matts Eriksen 67
Åsmund Forfang 59
Rudi Kilen 47
Gunnar Gisnås 43
Lars Lium 40
Marius Eriksen 30
Shamil Shkalahov 6

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 157 158 159 160 161 162 163 164 165 166 167 168 169 170 171 172 173 174 175 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... Next >>

Powered by CuteNews