Nyheter


Vårturnering + Konrad-turnering

25 Jan 2012 skrevet av asmund
Turneringsopplegget for våren blir delt i to grupper: Ei gruppe speler langsjakk, ei anna gruppe hurtigsjakk med 30 minutt på klokka for kvar spelar, etter Konrad-prinsippet.

Konrad-prinsippet er at det står fritt til kvar enkelt å møte opp eller ikkje. Partia blir sett opp etter kven som møter. Altså eit fritt turneringsopplegg der antal parti ikkje er bestemt. Det er også heilt spesielle reglar for poenggiving: 3 poeng for seier, 2 poeng for remis og 1 poeng for tap. Dette siste, med 1 poeng for tap, er ein bonus for å ha møtt opp. Så blir poenga summert ved slutten av vårsesongen.

"Rusten" Anders Husdal til topps

25 Jan 2012 skrevet av asmund
Anders Husdals gjeninntreden som aktiv i sjakklubben, under klagerop om å vere "rusten", var nokså vellykka for hans del, mens andre måtte finne seg i litt av kvart. Godt besøkt kveld, for første gong på tirsdag (som altså blir fast speledag), og lynrunde.

Resultat:

Anders Husdal 7 (av 7)
Åsmund Forfang 5
Matts Eriksen 5
Rudi Kilen 4
Lars Lium 3,5
Einar Hoston 2,5
Arne Samskott 1
Sindre Magnus 0

SKIFTE AV SPELEKVELD: TIRSDAG FRÅ NO AV

18 Jan 2012 skrevet av asmund
Etter eit utal år med måndag som spelekveld bytter vi til tirsdag.

Same stad: Orkdal vidaregåande skole.
Same tid: kl. 19.00

Velkommen!

Seier til Lars

18 Jan 2012 skrevet av asmund
Ein runde hurtigsjakk sist måndag 16. januar for å løyse opp stive ledd etter to dagars seriesjakk. Lars i storform slo til med seier, mens Kjell vel vart frådømt eit poeng for feiltrekk etter lynsjakkreglar, mens det vitterleg var hurtigsjakk som vart spelt.

Resultat:
Lars Lium 4 (av 5)
Rudi Kilen 3
Kjell Næssvold 3
Arne Samskott 2
Åsmund Forfang 2
Einar Hoston 1

Seier til Orkdal også i dag

15 Jan 2012 skrevet av asmund
Orkdal vann søndag også den andre kampen i seriesjakkens 2. divisjon denne helga, mot Byneset. 3-1 til Orkdal. Dermed har vi tre seirar av fire denne sesongen og er på andreplass på tabellen.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 173 174 175 176 177 178 179 180 181 182 183 184 185 186 187 188 189 190 191 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 ... 218 ... 220 ... 222 ... 224 ... 226 ... 228 ... 230 ... 232 ... 234 ... 236 Next >>

Powered by CuteNews