Nyheter


Kjell Næssvold klubbmester i lynsjakk

16 Dec 2008 skrevet av Åsmund
Årsmøte med påfølgjande klubbmesterskap i lynsjakk i går, måndag.

Årsmøtet gjekk fredeleg for seg - nye styremedlemmer vart Matts Eriksen (gjenval) og Hallvar Gisnås (ny), varamedlem Anders Husdal (gjenval). Klubben går greitt økonomisk - eit lite overskudd i 2008.

Kveldens høgdepunkt vart så klubbmesterskapet i lynsjakk, 7 deltakarar med ein dobbeltrunde. Richardson måtte gå etter halvspelt mesterskap, derfor berre 11 rundar.

Spenninga heldt seg heilt til siste runde, da hadde Kjell eit forsprang på 1 poeng til Matts. Matts vann på sitt bord - og Kjell slo Åsmund og vart klubbmester. Mykje vilt spel og mange bråe mattar, som det skal vere ved ein sånn anledning.

Resultat:
Kjell Næssvold 10 (av 11)
Matts Eriksen 9
Åsmund Forfang 7
Lars Lium 4
Marius Eriksen 3
Rudi Kilen 2
Richardson Dayvid Fernandes 0

Årsmøte og KLUBBMESTERSKAP I LYN 15. desember

08 Dec 2008 skrevet av Åsmund
Velkommen til klubbmesterskap i lynsjakk måndag 15. desember kl. 19.00 på Strandheim! Pokal til vinnaren.

Før klubbmesterskapen held vi årsmøte i Orkdal Sjakklubb. Vanlege årsmøtesaker. Pizza og mineralvatn.

Lynkveld 8. desember

08 Dec 2008 skrevet av Åsmund
Fire medlemmer var møtt fram til lynkveld 8. desember - seinare dukka ein femte opp. Altså to lynomgangar - først ein dobbeltrunde med fire, så ein enkeltrunde med fem deltakarar. Matts nesten utilnærmeleg i begge ...

Resultat:
1
Matts Eriksen 5,5 (av 6)
Åsmund Forfang 4,5
Rudi Kilen 2
Shamil Shkalahov 0

2
Matts Eriksen 4 (av 4)
Åsmund Forfang 3
Rudi Kilen 2
Lars Lium 1
Shamil Shkalahov 0

Kjell Næssvold vinnar av haustturneringa

01 Dec 2008 skrevet av Åsmund
Favorittseier i siste runde til Kjell Næssvold, og han vart dermed vinnar av turneringar med full pott. Gratulerer!

Resultat siste runde:

Kjell Næssvold - Åsmund Forfang 1-0
Rudi Kilen - Matts Eriksen 0-1
Gunnar Gisnås - Richardson Dayvid Fernandes 1-0

Sluttstilling haustturneringa:
Kjell Næssvold 6 (av 6)
Åsmund Forfang 4 1/2
Matts Eriksen 4
Rudi Kilen 2 1/2
Lars Lium 2 (Lars dømt før Richardson på lista på kvalitetspoeng)
Richardson Dayvid Fernandes 2
Gunnar Gisnås 1

Partia frå seriesjakken lagt inn

25 Nov 2008 skrevet av Åsmund
Tekniske problem med partibasen gjer at partia frå seriesjakken er lagt inn i same base som haustturneringa, altså ikkje seriesjakk-basen.

<< Nyere 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 53 54 55 56 57 58 59 60 61 62 63 64 65 66 67 68 69 70 71 72 73 Eldre >>

Content Management Powered by CuteNews