Nyheter


Kjell Næssvold klubbmeister i lynsjakk

15 Dec 2009 skrevet av Åsmund
Det var årsmøte i klubben sist måndag, men gjenvalg stort sett over heile linja:
Åsmund Forfang, formann, Rudi Kilen, styremedlem, Richardson Fernandes, varamann (ny). I styret sit frå før Matts Eriksen og Hallvar Gisnås, som ikkje var på valg.

Etter årsmøtet avvikla vi årets klubbmeisterskap i lynsjakk, og som i fjor var Kjell Næssvold ikkje til å vippe av pinnen.

Resultat:
Kjell Næssvold 10 1/2 (av 11)
Matts Eriksen 8
Lars Lium 6 1/2
Åsmund Forfang 5
Rudi Kilen 4
Marius Eriksen 2
Richardson Fernandes 0 (av 6, måtte gå etter halvspelt runde)

Årsmøte 7. desember

09 Dec 2009 skrevet av Åsmund
Det blir årsmøte i Orkdal sjakklubb måndag 7. desember kl. 19.00 på Strandheim.

Vanlege årsmøtesaker m/servering.

Etterpå blir det klubbmesterskap i lyn, pokal til vinnaren.

Ny lynseier til Kjell Næssvold

09 Dec 2009 skrevet av Åsmund
Etter siste vanlege spelekveld sist måndag seglar vel Kjell opp som ein favoritt til klubbmesterskapet i lyn som skal avviklast kommande måndag, som blir siste klubbkveld før jul.

Resultat lyn 7. desember:
Kjell Næssvold 7 (av 8)
Matts Eriksen 5
Rudi Kilen 4
Åsmund Forfang 4
Shamil Shkalahov 0

Tap mot Trondheim 2

06 Dec 2009 skrevet av Åsmund
Så vart det tap mot Trondheim 2 i dag. Kjell på 1. bord og Åsmund på 5. bord tapte, mens Anders, Hallvar og Matts spelte remis. Vi hadde stilling på fleire av bretta til å komme betre ut av det - Åsmund stod til klar fordel inntil han snubla i eit par forsvarstrekk, og Hallvar stod så godt at han kunne ha fått meir enn det halve poenget.

Men altså: 3 1/2 - 1 1/2 til Trondheim 2.

Seriesjakk mot Trondheim 2 på søndag

30 Nov 2009 skrevet av Åsmund
Ny runde i 1. divisjon Midt-Norge på søndag, og vi får besøk av andrelaget til Trondheim sjakkforening.

Vi må vel gi gjestene eit favorittstempel, men tanken vår er å kunne bite frå oss litt også.

Oppstart klokka 11 på Strandheim. Kom og sjå.

<< Nyere 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 Eldre >>

Content Management Powered by CuteNews