Nyheter


Matts sitt parti mot GM Lie

23 Jun 2007 skrevet av asmund
Hurtigpartiet Matts spelte mot GM Kjetil A. Lie under Bondeofferet 20. mai, er lagt inn i partibasen "Parti fra GP-turneringer". Matts tapte på tid etter 29 trekk i eit stilling der han stod best!

Maisjakken avgjort i aller siste parti - og no er det sjakkferie

04 Jun 2007 skrevet av asmund
Spenning til aller siste parti i "Konrad"-turneringa Maisjakken. Matts og Åsmund låg likt før siste runde, og dei to hovudkonkurrentane Kjell og Lars dukka ikkje opp. Fem deltakarar denne siste kvelden før ferien. Både Matts og Åsmund stod med tre strake seirar da siste parti kom. Matts kjørte enda ein gong den vriene skotske gambiten med kvit, men sjølv om Åsmund villig gav bort ein kvalitet, fekk han plenty angrep og stod til klar seier. I sluttspelet kunne Matts likevel ha klart remis, men oversåg det. Dermed vann Åsmund Maisjakken samanlagt.

SÅ ER DET FERIE I ORKDAL SJAKKLUBB TIL SLUTTEN AV AUGUST.

Resultat 4. juni:
Åsmund Forfang 4
Matts Eriksen 3
Rudy Kilen 1
Marius Eriksen 1
Shamil Shkalahov 0

Samanlagt:
Åsmund Forfang 9 1/2
Matts Eriksen 8 1/2
Lars Lium 4 1/2
Kjell Næssvold 4 (av 4, altså den einaste med full pott)
Rudy Kilen 3 1/2
Marius Eriksen 1
Shamil Shkalahov 0

Likt i teten i Maisjakken

28 May 2007 skrevet av asmund
Fire deltakarar på klubbkvelden måndag 21. mai, til tredje runde med "Konrad"-hurtigturneringa Maisjakken. Dei to i teten, Matts og Kjell, møtte ikkje. Dermed benytta Åsmund sjansen til å gli opp på sida av Matts i samandraget, mens Lars no er på tredje ...

Neste runde er 4. juni.

Resultat:
Lars Lium 3 (av 3)
Åsmund Forfang 2
Rudi Kilen 1
Shamil Shkalahov 0

Samanlagt:
Matts Eriksen 5 1/2
Åsmund Forfang 5 1/2
Lars Lium 4 1/2
Kjell Næssvold 4
Rudy Kilen 2 1/2
Shamil Shkalahov 0

Kunsten å senke to stormestrar ...

21 May 2007 skrevet av asmund
Dei tre utsendte orkdalingane til Bondeofferet, i regi av den alltid tiltakslystne klubben SMPOAÅ, sanka bra med poeng i turneringa, Matts fekk til og med møte GM Kjetil Lie over brettet. Han fekk bra spel, men måtte jo gå ned til slutt.

Da gjekk det betre for oss under simultanturneringa mot dei to GM-ane Djurhuus/Lie. Ein skåre på 1 1/2 av 3 er brukbart. Åsmund vann sitt parti, og ikkje på tid, han stod faktisk best i store delar av partiet, som du kan spele gjennom frå basen vår "Parti fra GP-turneringer". Der kan du studere kunsten å senke to stormestrar ...

Resultat for orkdalingane:
Åsmund Forfang nr. 12 (av 26) med 3 poeng (av 6)
Matts Eriksen nr. 15 med 3 poeng.
Rudi Kilen nr. 22 med 2 poeng.

Åsmund har lagt ut eitt av partia sine til skrekk og advarsel på basen "Parti fra GP-turneringer". Sjekk den sluttstillinga!

Matts opp i tet i Maisjakken

15 May 2007 skrevet av asmund
Fire oppmøtte på andre kveld av Maisjakken. Kjell dukka ikkje opp, og Matts benytta sjansen til å stikke fram i teten. Her gjeld det altså å stille opp! Sjølv den som enno ikkje har deltatt, kan møte opp neste måndag og hevde seg i samandraget.

Resultat 14. mai:
Matts Eriksen 2 1/2
Åsmund Forfang 2 1/2
Rudi Kilen 1
Shamil Shkalahov 0

Samanlagt etter to kveldar:
Matts Eriksen 5 1/2
Kjell Næssvold 4
Åsmund Forfang 3 1/2
Lars Lium 1 1/2
Rudy Kilen 1 1/2
Shamil Shkalahov 0

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 215 216 217 218 219 220 221 222 223 224 225 226 227 228 229 230 231 232 233 234 ... 236 ... Next >>

Powered by CuteNews