Lars klarer brasane! |
05 Mar 2007 skrevet av asmund |
Lars er utan tap og leder klubbmesterskapet så langt, etter at han fekk overtaket på Åsmund da Åsmund begjekk ein kjempeblunder i befippelse over at Lars gjorde eit trekk han hadde analysert som dårleg. Rein offisersbukk og tapt parti på direkten. Rudi kapra ein offiser av Endre alt i opninga, og Endre gav opp etter nokså få trekk. Emil og Richardson utkjempa ein kongegambit med Emil som kvit, sjølvsagt. Emil fekk altfor lite igjen for den ofra bonden, men Richardson spelte upresist mot slutten, og Emil drog poenget i hamn. Ellers vart to parti utsett. Resultat: Lars Lium - Åsmund Forfang 1-0 Matts Eriksen - Bjarne Solstad (uts.) Endre Bjørgum - Rudi Kilen 0-1 Marius Eriksen - Shamil Shkalahov (uts.) Emil Mona - Richardson Dayvid Fernandes 1-0 |
Oppsett 5. runde klubbmesterskapet |
27 Feb 2007 skrevet av asmund |
Måndag 5. mars er det 5. runde i klubbmesterskapet: Lars Lium - Åsmund Forfang Matts Eriksen - Bjarne Solstad Endre Bjørgum - Rudi Kilen Marius Eriksen - Shamil Shkalahov Emil Mona - Richardson Dayvid Fernandes |
Kampparti i fjerde runde |
26 Feb 2007 skrevet av asmund |
Det gjekk nokså hardt for seg i fleire av partia i fjerde runde. I partiet Matts-Åsmund valde Åsmund siciliansk denne gongen, det vart ein slags Nimzowitsj-variant med full konfrontasjon tidleg i spelet. Så rekna Matts feil i ei slagveksling - det gav han eit hissig angrep, men ikkje tilstrekkeleg sterkt. Åsmund brukte imidlertid altfor mykje tid på å pønske ut eit sterkt nok forsvar, og i staden for å spele på gevinsten som låg i stillinga, våga han ikkje anna enn å legge opp til ein remis ved trekkgjentaking, som Matts gjekk inn i. Vahid Vazirgul har sett seg nøydd til å trekke seg frå turneringa av tidsgrunnar, og Lars fekk dermed eit gratis WO-poeng mens han låg heime i influensa. I partiet mellom Bjarne og Emil fekk Emil som vanleg opp ei gevinststilling. Men han har hatt ein tendens i det siste til å skusle bort seieren. Så også denne gongen, og Bjarne kunne kassere inn heile poenget. Partiet mellom Rudi Kilen og Marius Eriksen vart eit bikkjeslagsmål utan like. Begge gjorde feil som fekk overtaket til å danse fram og tilbake over brettet som ein pingpong-ball. Det vart Marius som begjekk den avsluttande feilen - med tap av dronninga og partiet. Shamil tok tidleg i partiet mot Endre kommandoen, slik at Endre hadde sin fulle hyre med å klamre seg til brettet - og til slutt måtte sleppe taket. Matts Eriksen - Åsmund Forfang 1/2-1/2 Vahid Vazirgul - Lars Lium 0-1 (WO) Bjarne Solstad - Emil Mona 1-0 Rudi Kilen - Marius Eriksen 1-0 Shamil Shkalahov - Endre Bjørgum 0-1 Richardson Dayvid Fernandes WO |
Oppsett fjerde runde i klubbmeisterskapet |
19 Feb 2007 skrevet av asmund |
Måndag 26. februar er det fjerde runde i klubbmeisterskapet: Matts Eriksen - Åsmund Forfang Vahid Vazirgul - Lars Lium Bjarne Solstad - Emil Mona Rudi Kilen - Marius Eriksen Shamil Shkalahov - Endre Bjørgum Richardson Dayvid Fernandes WO Stillinga etter tre rundar: Åsmund Forfang 3 Matts Eriksen 2 1/2 Lars Lium 2 1/2 Vahid Vazirgul 2 (av 2) Bjarne Solstad 1 (av 2) Endre Bjørgum 1 (av 2) Marius Eriksen 1 (av 2) Rudi Kilsen 1 Emil Mona 1 Shamil Shkalahov 1 |
Lynkveld med 11 deltakarar! |
19 Feb 2007 skrevet av asmund |
Ikkje verst med 11 deltakarar på ein lynkveld på Strandheim 19. februar - og spesielt velkommen var utflytta Knut Baadshaug, som besøkte gamleklubben og la beslag på tredjeplassen i den harde konkurransen. Den uimotståelege var Matts, som stakk av med alle 10 poenga. Resultat: Matts Eriksen 10 av 10 Åsmund Forfang 9 Knut Baadshaug 7 Lars Lium 6 Rudi Kilen 6 Gunnar Gisnås 5 Bjarne Solstad 5 Richardson Dayvid Fernandes 3 1/2 Erlend Landrø Husdal 2 1/2 Endre Bjørgum 1 Shamil Shkalahov 0 |
<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 ... 218 ... 220 ... 222 ... 224 ... 226 ... 228 ... 230 ... 232 233 234 235 236 237 238 239 240 241 242 243 244 245 246 247 248 249 250 251 Next >>