Nyheter


31. august: 1. runde i haustturneringa

29 Aug 2009 skrevet av asmund
Måndag 31. august blir første runde i haustturneringa spelt. Foreløpig har vi seks påmeldte. Møt opp og bli med!

Turneringa blir spelt med ei tenketid pr. spelar på 120 minutt - 90 minutt på dei første 40 trekka, 30 minutt på resten. Vinnaren av turneringa får namnet sitt på ein vandrepokal ...

På oppstartskvelden for hausten 24. august var vi fem frammøtte. Vi tok ein runde lyn, og Kjell Næssvold viste seg uslåeleg ved denne anledninga.

Haustsesongen i gang 24. august

18 Aug 2009 skrevet av asmund
Orkdal sjakklubb startar haustsesongen på Strandheim 24. august kl. 19.00. Velkommen til nye og gamle medlemmer!

I haust konsentrerer vi oss om langsjakk, altså skikkeleg sjakk. Det blir ei haustturnering som startar 31. august - påmelding seinast ved oppmøte, helst før. Du kan melde deg på ved å møte opp på Strandheim 24. august, eller på telefon/sms til 913 25 872.

Etter kvar andre runde har vi ein kveld der nødvendige hengeparti blir avvikla. På dei kveldane kan dei som ikkje speler hengeparti, vere med på å diskutere og analysere tidlegare avvikla parti, eller spele reine treningsparti, altså utan at vi set opp ei turnering for kvelden.

To lynkveldar og kanskje eit par kveldar med hurtigsjakk blir også aktuelt.

VEL MØTT!

Haustsesongen startar i slutten av august

20 May 2009 skrevet av asmund
Så er altså vårsesongen avslutta - takk for den. Litt amputert vart den, ettersom vi måtte avbryte langsjakkturneringa. Men vi planlegg å mobilisere mange til ei oppkjøring til haustsesongen gjennom ei laurdagsturnering på Fannarheimr i slutten av august. Følg med!

Og god sommar!

Jamt i tet i siste Konrad-runde - Matts med klar margin samanlagt

20 May 2009 skrevet av asmund
Måndag 18. mai avslutta vi vårsesongen i klubben med siste runde i Konrad-turneringa. Uvanleg tett i teten denne gongen. Men i samanlagtstillinga var det ingenting å gjere med Matts.

Resultat:
Lars Lium 10 (av 12)
Matts Eriksen 10
Åsmund Forfang 10
Shamil Shkalahov 6
Rudi Kilen 4

Samanlagtresultat:
Matts Eriksen 159
Åsmund Forfang 140
Lars Lium 111
Rudi Kilen 99
Gunnar Gisnås 43
Marius Eriksen 43
Shamil Shkalahov 20
Krezten Risli 13

Besøk frå Horg - seier til Kjell

20 May 2009 skrevet av asmund
Måndag 11. mai hadde vi hyggeleg besøk av Torbjørn, Hans og Tore frå Horg sjakklubb. Ei raudvinsflaske var førstepremien i ei handikappturnering der tenketida var berekna ut frå ratingstyrke. Høgstrata Kjell måtte greie seg med 2 minutt mot 18 i fleire parti - men henta likevel heim ein solid seier!

Resultat:
1 Kjell Næssvold 5 1/2 (av 6)
2 Tore Skjærvold 4 (best kvalitet av dei tre med 4 poeng)
3 Åsmund Forfang 4
4 Matts Eriksen 4
5 Torbjørn Hindseth 3 1/2
6 Rudi Kilen 3
7 Hans Andreassen 2
8 Gunnar Gisnås 2
9 Lars Lium 1
10 Marius Eriksen 1

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 199 200 201 202 203 204 205 206 207 208 209 210 211 212 213 214 215 216 217 ... 219 ... 221 ... 223 ... 225 ... 227 ... 229 ... 231 ... 233 ... 235 ... Next >>

Powered by CuteNews