Tap i seriesjakken |
11 Feb 2012 skrevet av asmund |
5. runde i seriesjakkens 2. divisjon Midt-Norge endte med tap for Orkdal mot heimelaget Elefantene (frå Trondheim), 0-4. Stillinga undervegs var slett ikkje så verst, men så er det å vere den som ikkje gjer den avgjerande feilen ... Nærast å unngå smultringen var Rudi, som gav opp i ei stilling som ved nærmare ettersyn viste seg å vere kliss remis. |
Parti i andre runde vårturneringa |
09 Feb 2012 skrevet av asmund |
Partiet Anders Husdal - Åsmund Forfang i andre runde vart flytta fram ei veke og vart avvikla sist måndag. Eit kvast og turbulent Max Lange-parti der Åsmund med svart - etter eit feiltrekk av Anders - fekk stor og avgjerande fordel, 6+. Men i gryande tidsnød oversåg Åsmund dei beste trekka, blant anna ein tvingande 2-trekksmatt i 35. trekk, og spelte bort overtaket, og partane vart enige om remis etter det 39. trekket. 1/2 - 1/2 |
Lyn eller hurtig eller Konrad neste kveld |
01 Feb 2012 skrevet av asmund |
Ikkje langsjakkturnering neste tirsdag (7. februar). Dei oppmøtte får valet mellom lyn, hurtig og Konrad. |
Første runde i vårturneringa avvikla - oppsett andre runde |
01 Feb 2012 skrevet av asmund |
I går vart dei to partia i første runde av i vårturneringa i langsjakk spelt: Kjell Næssvold - Anders Husdal 1/2-1/2 Åsmund Forfang - Lars Lium 1-0 Matts Eriksen WO Runde to skal spelas 14. februar: Matts Eriksen - Kjell Næssvold Anders Husdal - Åsmund Forfang Lars Lium WO |
Lynturneringar i SMPOAÅ - med FIDE-rating |
26 Jan 2012 skrevet av asmund |
SMPOAÅ i Trondheim arrangerer utover våren ei rekke lynturneringar med FIDE-rating. Les meir - og meld deg på her. |
<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 173 174 175 176 177 178 179 180 181 182 183 184 185 186 187 188 189 190 191 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 ... 218 ... 220 ... 222 ... 224 ... 226 ... 228 ... 230 ... 232 ... 234 ... 236 ... Next >>