Nyheter


Jørn Leistad i teten i Konrad-turneringa

27 Jan 2016 skrevet av asmund
I den litt uhøgtidelege Konrad-turneringa i hurtigsjakk som går utover heile vårhalvåret, er Jørn Leistad i teten etter runden tirsdag 26. januar.

Resultat 26. januar:
Jørn Leistad 14 (av 15)
Lars Lium 12
Åsmund Forfang 12
Rudi Kilen 10
Tom Vidar Magnussen 10
Arnstein Skåra 9
Arne Samskott 8

Stillinga etter to rundar:
Jørn Leistad 21
Åsmund Forfang 19
Rudi Kilen 17
Lars Lium 17
Tom Vidar Magnussen 15
Arnstein Skåra 12
Kjell Næssvold 9
Arne Samskott 8
Pål Smebye 5

Ny hurtigsjakkrunde + Ekstraordinært årsmøte 26. januar

25 Jan 2016 skrevet av asmund
Det blir ny runde i Konrad-turneringa i hurtigsjakk tirsdag 26. januar. 25 minutt betenkningstid om antal oppmøtte blir eit partal, 15 minutt om det blir eit oddetal (for å unngå for lang ventetid ved walkover).
Først, frå 19.00 til 19.05, har vi ekstraordinært årsmøte for formelt å godkjenne rekneskapen for 2015. Årsmøtet startar presis.
Velkommen!


"Konrad"-turnering utover vinteren og våren

20 Jan 2016 skrevet av asmund
Hurtigsjakk-kveldane i sjakklubben utover våren vil danne ei såkalla Konrad-turnering - kvar kveld blir ei sjølvstendig lita turnering, men resultata blir lagt saman i ein eigen tabell med ei eiga poenggiving: 3 for seier, 2 for remis, 1 for tap, slik at alle oppmøtte blir premiert med minst 1 poeng pr. parti. Alle som har møtt opp minst ein gong, deltar altså i turneringa, og det er ingen form for oppmøteplikt. Her skal lystprinsippet gjelde. Det blir premiering ved slutten av sesongen.

Dersom antal oppmøtte er eit partal, blir tenketida 25 minutt, ved oddetal 15 minutt (for å gjere ventetida under walk-over til å halde ut ...).

Første Konrad-runde vart gjennomført tirsdag 19. januar med dette resultatet:

Kjell Næssvold 9 (av 9)
Rudi Kilen 7
Åsmund Forfang 7
Jørn Leistad 7
Pål Smebye 5
Lars Lium 5
Tom Vidar Magnussen 5
Arnstein Skåra 3

Tap i 3. runde i seriesjakken

18 Jan 2016 skrevet av asmund
Orkdal tapte 2,5-1,5 mot Trondheim 3 i 2. divisjon i Seriesjakkens Midtnorge-serie 17. januar. Remis på førstebord, seier på andrebord og tap på tredje- og fjerdebord. Tabell finn du her.

Neste runde, mot Trondheim 4, er heimekamp for oss og blir avvikla 7. februar.

Sjakkturneringar: Levanger 31. januar og Stjørdal 19.-21. februar

14 Jan 2016 skrevet av asmund
Vi minner først om hurtigsjakkturneringa Levanger Grand Prix 2016 søndag 31. januar.
Informasjon og påmelding
til Levanger Grand Prix 2016 her
.

Helga 19.-21. februar arrangerer så Hell Sjakklubb to turneringar i Stjørdal. Frå fredag 19. til søndag 21. går ei turnering med 2 hurtigparti + 5 langsjakkparti, Hell Grand Prix 2016.
Informasjon og påmelding
til Hell Grand Prix 2016 her
.

Laurdagskvelden 20. februar arrangerer dei same stad ei lynturnering, Hell Blitz Grand Prix 2016. Denne turneringa inngår i turneringsrekka "Lynmester i Trøndelag".
Informasjon og påmelding
til Hell Blitz Grand Prix 2016 her
.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 99 100 101 102 103 104 105 106 107 108 109 110 111 112 113 114 115 116 117 ... 119 ... 121 ... 123 ... 125 ... 127 ... 129 ... 131 ... 133 ... 135 ... 137 ... 139 ... 141 ... 143 ... 145 ... 147 ... 149 ... 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... 159 ... 161 ... 163 ... 165 ... 167 ... 169 ... 171 ... 173 ... 175 ... 177 ... 179 ... 181 ... 183 ... 185 ... 187 ... 189 ... 191 ... 193 ... 195 ... 197 ... 199 ... 201 ... 203 ... 205 ... 207 ... 209 ... 211 ... 213 ... 215 ... 217 ... 219 ... 221 ... 223 ... 225 ... 227 ... 229 ... 231 ... 233 ... 235 ... 237 ... Next >>

Powered by CuteNews