Lyn-Matts i sving igjen |
21 Sep 2009 skrevet av asmund |
Matts er i form for tida, godt resultat i Knut Brokstad og solid seier i haustens første lynturnering. Seks medlemmer møtte fram i kveld. Resultat: Matts Eriksen 9 (av 10) Åsmund Forfang 7 Rudi Kilen 5 Lars Lium 5 Marius Eriksen 4 Richardson Fernandes 0 |
Resultat Knut Brokstads minneturnering |
21 Sep 2009 skrevet av asmund |
Tre frå Orkdal sjakklubb deltok i Knut Brokstads minneturnering i regi av Trondheim sjakkforening i helga. Matts Eriksen gjorde det best med ein 21. plass og 50 % skåre i det harde beitet og ein ratingprestasjon på 1847. Hallvar Gisnås kom på 30. og Kjell Næssvold på 32. plass. Her kan du sjå resultatlista. |
Lyn 21. september |
14 Sep 2009 skrevet av asmund |
Neste måndag, 21. september, blir det ein av haustens få lynrundar. Velkommen! |
2. runde i haustturneringa + oppsettet for 3. runde |
14 Sep 2009 skrevet av asmund |
To parti vart spelt i kveld: Richardson Fernandes - Rudi Kilen 1-0 Åsmund Forfang - Kjell Næssvold 1-0 Claudio Higueras - Matts Eriksen er utsett. Med dette har Kjell fått sitt første tap i langsjakk i klubben. Partiet gjekk i mottatt dronninggambit, og Åsmund fekk sverma dei lette offiserane sine inn på kongefløya til Kjell før han rakk å rokere. Eit kanskje litt tvilsamt offer på h6 førte til ei svært taktisk og uoversiktleg stilling der der Kjell hadde den materielle overvekta, men Åsmund hadde store angrepssjansar. Så gjorde Kjell ein uventa og rein bukk, og stillinga var vunne for Åsmund. Oppsettet til tredje runde om den 28. september: Kjell Næssvold - Richardson Fernandes Matts Eriksen - Åsmund Forfang Lars Lium - Claudio Higueras Rudi Kilen WO |
1. runde avvikla - 2. runde 7. september |
31 Aug 2009 skrevet av asmund |
Sju deltakarar inntil vidare i haustturneringa. Siste sjanse til å gi seg med er neste måndag, 7. september. Resultat: Kjell Næssvold - Claudio Higueras 1-0 Matts Eriksen - Lars Lium 1-0 Rudi Kilen - Åsmund Forfang 0-1 Richardson Fernandes WO |
<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 199 200 201 202 203 204 205 206 207 208 209 210 211 212 213 214 215 216 217 ... 219 ... 221 ... 223 ... 225 ... 227 ... 229 ... 231 ... 233 ... 235 ... 237 Next >>