Nyheter


Levanger Grand Prix 10.-12. september

02 Aug 2021 skrevet av asmund
Levanger sjakklubb arrangerer si tradisjonelle turnering også i år, og den blir avvikla frå fredag 10. til søndag 12. september.

Klubben har sett opp ein ny vandrepokal som du må ha 3 napp i for å vinne til odel og eige. Hotellpris er garantert med eit visst antal rom fram til 15.august, sjå innbydinga her.

Sjakken innstiller på nytt

16 May 2021 skrevet av asmund
På grunn av det nye smitteutbrotet blir all sjakk i Orkland sjakklubb på nytt innstilt. Dermed ønsker vi medlemmene våre ein god sommar, og vi reknar med å kunne vere tilbake for fullt til hausten, om vaksinering og pandemiutvikling går som håpa og planlagt.

Ny hurtigsjakkveld tirsdag 11. mai

05 May 2021 skrevet av asmund
Det vart ein uhøgtideleg nystart på sjakksesongen 4. mai med 6-7 frammøtte. Vi kjører på med hurtigsjakk utover i mai og ønsker alle velkommen til ny sjakkveld tirsdag 11. mai kl. 18.30.

Så åpnar vi sjakklubben igjen tirsdag 4. mai

03 May 2021 skrevet av asmund
Koronareglane er no endra slik at vi kan begynne å spele sjakk igjen: "Voksne kan drive organisert aktivitet innendørs i grupper på inntil 10 personer, og utendørs i grupper på inntil 20 personer, så lenge de kan holde minst én meters avstand."

Vi kjører hurtigsjakk no utover i mai, med første kveld tirsdag 4. mai kl. 18.30.
Velkommen!

Barnesjakken er åpen tirsdag 9. februar

03 Feb 2021 skrevet av asmund
Restriksjonane er mindre strenge for aktivitetar for barn, og Sjakk Orkene har åpent på vanleg stad på Follo tirsdag 9. februar kl. 18.30-20.00.

<< Previous 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 ... 15 ... 17 ... 19 ... 21 ... 23 ... 25 ... 27 ... 29 ... 31 ... 33 ... 35 ... 37 ... 39 ... 41 ... 43 ... 45 ... 47 ... 49 ... 51 ... 53 ... 55 ... 57 ... 59 ... 61 ... 63 ... 65 ... 67 ... 69 ... 71 ... 73 ... 75 ... 77 ... 79 ... 81 ... 83 ... 85 ... 87 ... 89 ... 91 ... 93 ... 95 ... 97 ... 99 ... 101 ... 103 ... 105 ... 107 ... 109 ... 111 ... 113 ... 115 ... 117 ... 119 ... 121 ... 123 ... 125 ... 127 ... 129 ... 131 ... 133 ... 135 ... 137 ... 139 ... 141 ... 143 ... 145 ... 147 ... 149 ... 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... 159 ... 161 ... 163 ... 165 ... 167 ... 169 ... 171 ... 173 ... 175 ... 177 ... 179 ... 181 ... 183 ... 185 ... 187 ... 189 ... 191 ... 193 ... 195 ... 197 ... 199 ... 201 ... 203 ... 205 ... 207 ... Next >>

Powered by CuteNews