Nyheter


Omspel om seieren i klubbmesterskapet 21. mai, og etterpå hurtigsjakk

16 May 2019 skrevet av asmund
Tirsdag 14. mai vann Atle Asbøll Magnussen det siste partiet i klubbmesterskapet mot Åsmund Forfang, og dermed blir det omspel mellom han og Thor Kristian Strøm Karlsen om seieren i turneringa tirsdag 21. mai. Det blir først to parti hurtigsjakk, så eventuelt to lynsjakkparti, og er ikkje seieren i boks da, blir dysten avgjort ved eit armageddonparti.

Når mesterskapet er avgjort, blir det ein vanleg hurtigsjakkrunde.

Vårlyn 14. mai

11 May 2019 skrevet av asmund
Tirsdag 14. mai gjennomfører vi Vårlynet, ein runde lynsjakk. Start kl. 19.00. Velkommen!

Den kvelden blir også det siste partiet i klubbmesterskapet, som sist tirsdag vart utsett enda ei veke, spelt: Atle Asbøll Magnussen - Åsmund Forfang.

Hurtigrunde tirsdag 7. mai

02 May 2019 skrevet av asmund
Velkommen til ein runde hurtigsjakk tirsdag 7. mai kl. 19.00!

Også siste parti i klubbmesterskapet blir spelt: Atle Asbøll Magunssen - Åsmund Forfang.

Resultat siste runde i klubbmesterskapet

02 May 2019 skrevet av asmund
Tre av fire parti i siste runde av klubbmesterskapet vart avvikla tirsdag 30. april:

Lars Lium - Thor Kristian Strøm Karlsen 0-1
Matts Eriksen - Arne Samskott 1-0
Jarle Bryne - Tom Magnussen 0-1
WO Jan Petter Opedal
Atle Asbøll Magnussen - Åsmund Forfang vart utsett og blir spelt tirsdag 7. mai.

Før det siste partiet er det klart at kampen om seieren i klubbmesterskapet står mellom Thor Kristian Strøm Karlsen og Atle Asbøll Magnussen. Thor Kristian har 4,5 poeng, Atle 3,5, og dersom Atle vinn sitt parti, blir mesterskapet avgjort ved omspel med hurtigsjakk + lynsjakk.

Stillinga:
Thor Kristian Strøm Karlsen 4,5
Atle Asbøll Magnussen 3,5
Matts Eriksen og Jan Petter Opedal 3
Lars Lium og Åsmund Forfang 2,5
Tom Magnussen og Arne Samskott 2
Jarle Bryne 1

Hurtigsjakk 23. april

23 Apr 2019 skrevet av asmund
Velkommen til ein runde hurtigsjakk, ev. handikappsjakk, tirsdag 23. april kl. 19.00.

<< Previous 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 Next >>

Powered by CuteNews