Nyheter


Ny terminliste

26 Aug 2008 skrevet av asmund
Etter å ha konferert med medlemmene på siste klubbkveld er terminlista endra, slik at haustturneringa i langsjakk først begynner 8. september.
Den nye terminlista er lagt inn på sida "Om oss".

Orkdal sjakklubb på Ørkdalsdåggån

26 Aug 2008 skrevet av asmund
Vi stiller med bord og brett på klubbhuset i Tråvparken på Fannrem under Ørkdalsdåggån til helga.

Der kan sjakkinteresserte møte oss over brettet til uhøgtideleg spel - eller dei kan satse ein tikroning og få tilbake tjue om dei slår oss ...

Det blir fredag, laurdag og søndag: Frå klokka 16.00 på fredag og frå kl. 12.00 på laurdag og søndag.

Fem strake til Kjell Næssvold i hurtigsjakk

26 Aug 2008 skrevet av asmund
Fem medlemmer på plass for å utkjempe ein hurtigsjakkdyst på Strandheim i går kveld. Kjell Næssvold gjekk til topps med full pott, sjølv om ein av seirane var litt heldig ...

Kjell Næssvold 5 (av 5)
Matts Eriksen 3,5
Åsmund Forfang 3,5
Richardson Dayvid Fernandes 2
Rudi Kilen 1

Lyn-Matts til topps

19 Aug 2008 skrevet av asmund
Etter ein motorsykkelferie med ein innlagt heiderleg innsats på Kafésjakken i Bergen stilte Matts Eriksen opplagt og i form på første spelekveld i haust. Han gjekk like godt til topps i begge dei to doble lynrundane og stakk av med twistposen.

Neste måndag er det hurtigsjakk - og påmelding til haustturneringa!

Terminlista er no lagt inn på sida "Om oss".

Første spelekveld i haust: 18. august

14 Aug 2008 skrevet av asmund
Velkommen til ein ny poenghaust i Orkdal sjakklubb!

Vi startar opp måndag 18. august kl. 19.00 på Strandheim, som vanleg. Terminlista er ikkje lagt opp enno, men vil bli lagt inn her på heimesida under "Om oss" straks den er klar.

Spesielt ønsker vi eventuelt nye ansikt velkommen!

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 151 152 153 154 155 156 157 158 159 160 161 162 163 164 165 166 167 168 169 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 Next >>

Powered by CuteNews