Resultat langsjakk / hurtigsjakkrunde |
15 May 2014 skrevet av asmund |
Tirsdag 13. mai med ni frammøtte, to av dei til eit utsett parti i 4. runde i klubbmesterskapet: Rudi Kilen - Åsmund Forfang 0-1 Eit parti som nokså snart vart kaotisk og til Åsmunds fordel, heilt til han tabba seg ut og gav Rudi ein vinnarsjanse, som han til gjengjeld ikkje såg, og dermed gjekk det som det gjekk. I hurtigsjakkrunden med 7 deltakarar drog Kjell Næssvold igjen det lengste strået i kvart einaste parti og vann dermed runden: Kjell Næssvold: 5 (av 5) Matts Eriksen 4 Arne Samskott 3 Åsmund Almli 3 Vidare deltok Lars Garberg, Eivind Andreas Almli og Birk Næssvold. |
13. mai: Ny runde hurtigsjakk |
08 May 2014 skrevet av asmund |
Det blir avvikla eitt utsett parti i 4. runde i klubbmesterskapet førstkommande tirsdag 13. mai: Rudi Kilen-Åsmund Forfang Dei øvrige frammøtte møtest til ny hurtigsjakkdyst! Oppmøte kl. 18.30. Velkommen! |
Resultat hurtigsjakk 6. mai |
08 May 2014 skrevet av asmund |
Kjell Næssvold var tilbake etter ein hard vårsesong som revisor for distriktets rekneskapsførarar. Med presisjon manøvrerte han seg også gjennom så vel gode som dårlege sjakkstillingar fram til fem strake seirar. Ikkje så verst ... Resultat: Kjell Næssvold 5 (av 5) Matts Eriksen 3,5 Åsmund Forfang 3,5 Ellers deltok Åsmund Almli, Rudi Kilen og Eivind Andreas Almli |
Masse turneringar i Trøndelag før NM! |
08 May 2014 skrevet av asmund |
Her får du ei oversikt over alle sjkkturneringar i Trøndelag i tida fram mot NM i Trondheim i juli: Byåsen Barnas Grand Prix søndag 25. mai Informasjon her. SMPOAÅs junilyn onsdag 4. juni Informasjon her. Rosenborg Pinse Grand Prix fredag-søndag 6.-8. juni Kretsmesterskap i langsjakk for Sør-Trøndelag Informasjon her. Elefantene Vårturnering Barnas Grand Prix måndag 9. juni Informasjon her. Hell Rapid Grand Prix laurdag 21. juni Hurtigsjakkturnering for medlemmer i NSF Informasjon her. Hell Blitz Grand Prix laurdag 21. juni Informasjon her. Gullkongen Juni Barnas Grand Prix søndag 22. juni Informasjon her. Rosenborg Juli Grand Prix laurdag/søndag 5.-6. juli Langsjakkturnering åpen for medlemmer av NSF Informasjon her. Rosenborg Hurtigsjakk Juli Grand Prix tirsdag 8. juli Informasjon her. Rosenborg Lyn Juli Grand Prix onsdag 9. juli Informasjon her. Gullkongen Barnas Grand Prix torsdag 10. juli Turnering for barn og ungdom i USF Rosenborg Skole i Trondheim, Gullkongen Sjakklubb |
Ny hurtigsjakkrunde 6. mai |
05 May 2014 skrevet av asmund |
Tirsdag 6. mai blir det ny hurtigsjakkrunde. Oppmøte kl. 18.30. Velkommen! |
<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 137 138 139 140 141 142 143 144 145 146 147 148 149 150 151 152 153 154 155 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 ... 218 ... 220 ... 222 ... 224 ... 226 ... 228 ... 230 ... 232 ... 234 ... 236 ... 238 ... Next >>