Nyheter


SMPOÅAs åpne klubbmesterskap i lyn 9. januar

08 Jan 2013 skrevet av asmund
Her har du sjansen til ein feiande start på det nye året: Åpent klubbmesterskap i lyn i SMPOÅA onsdag 9. januar. Der er det alltid stas å vere med!

Informasjon og påmelding her.

Vårsesongen

27 Dec 2012 skrevet av asmund
Første kveld i Orkdal sjakklubb i vårsesongen blir tirsdag 15. januar, som vanleg på Orkdal vidaregåande skole kl. 19.00.

Da blir det påmelding til klubbmesterskapet i langsjakk.

4-1 i årsmøtesimultan

27 Dec 2012 skrevet av asmund
Årsmøtet i Orkdal sjakklubb vart avvikla 18. desember med seks frammøtte. Gjenvalg over heile linja: Hallvar Gisnås og Matts Eriksen i styret, Richardson Fernandes som varamedlem. Formann Åsmund Forfang var ikkje på valg i år.

Etter årsmøtet spelte haustturneringsvinnar Kjell Næssvold simultan mot resten av dei frammøtte, og berre Matts Eriksen greidde å stille han til veggs. Resultat: 4-1 i Kjells favør.

ÅRSMØTET 18. DESEMBER

12 Dec 2012 skrevet av asmund
Vi minner om årsmøtet i Orkdal sjakklubb tirsdag 18. desember kl. 19.00, som vanleg på Orkdal vidaregåande skole.

Vanlege årsmøtesaker.

Det blir servering.

Vinnar av haustturneringa Kjell Næssvold skal spele simultan mot resten av årsmøtedeltakarane.

Kjell Næssvold lynmester 2012

12 Dec 2012 skrevet av asmund
Sju medlemmer kjempa hardt om årets lynsjakktittel tirsdag 11. desember. Spenninga varte heilt til aller siste av dei 14 rundane. Da avgjorde Kjell kampen. Han var vel også favoritt, men det såg stygt ut for han med berre 50 prosent uttelling på dei fire første rundane. Men når han skåra 100 prosent på resten, heldt det å få vinflaska til odel og eige.

Resultat:
Kjell Næssvold 10 (av 12)
Rudi Kilen 9
Matts Eriksen 9
Åsmund Forfang 7,5
Lars Lium 4,5
Einar Hoston 2
Arne Samskott 1

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 103 104 105 106 107 108 109 110 111 112 113 114 115 116 117 118 119 120 121 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 Next >>

Powered by CuteNews