Nyheter


Oppsett fjerde runde i haustturneringa

31 Oct 2008 skrevet av asmund
3. november blir fjerde runde i haustturneringa avvikla med desse partia:

Kjell Næssvold - Richardson Dayvid Fernandes
Lars Lium - Gunnar Gisnås
Rudi Kilen - Åsmund Forfang
Matts Eriksen har walkover.

Kjell Næssvold med full pott så langt

31 Oct 2008 skrevet av asmund
Det siste partiet i femte runde av haustturneringa vart avvikla måndag 27. oktober:
Matts Eriksen - Kjell Næssvold 0-1
Kjell trekte altså det lengste strået - men var nær ved å tape i dette lange og spennande partiet - 76 trekk i alt. Hadde Matts funne det beste trekket i trekk 46, er sjansen stor for at Kjell måtte ha funne seg i ein null i protokollen ...
Partiet blir lagt inn i partibasen "Høstturneringer" med det første.

Dermed er Kjell den einaste som har full pott i haustturneringa så langt.

Mens dette partiet pågjekk, utkjempa dei fire andre frammøtte ein hard dyst i hurtigsjakk, to rundar med 10 minutt tenketid. Rudi fekk her sitt endelege gjennombrudd i retning twistposane:

Rudi 5 (av 6)
Åsmund 4
Lars 2
Claudio 1

Haustturneringa

21 Oct 2008 skrevet av asmund
Oppdatering haustturneringa:

Førre måndag vart det spelt eit utsett parti i tredje runde:
Lars Lium - Matts Eriksen 1/2-1/2

I går avvikla vi, pga. tre forfall, femte runde i staden for fjerde:
Åsmund Forfang - Gunnar Gisnås 1-0
Richardson Dayvid Fernandes - Lars Lium: 1-0

Partiet Matts Eriksen - Kjell Næssvold blir spelt kommande måndag 28. oktober.

Alle partia blir med det aller første lagt inn i basen for haustturneringar.

Runde 7 spelt i går

07 Oct 2008 skrevet av asmund
Måndag 6. september spelte vi 7. runde i haustturneringa i staden for 3. - Erlend har sett seg nøydd til å trekke seg frå turneringa på grunn av plutseleg skulegang, og Gunnar var bortreist måndag, da avvikla vi full 7. runde i staden for ein amputert 3. runde.

Tre parti avvikla, to korte og eitt langt. Matts-Richardson vara i 30 trekk, Åsmund-Lars i 28 - mens Rudi heldt ut i 61 trekk, dei fleste i sterk motvind, mot Kjell.

Resultat:
Kjell Næssvold - Rudi Kilen 1-0
Matts Eriksen - Richardson Dayvid Fernandes 1-0
Åsmund Forfang - Lars Lium 1-0

Alle partia blir snart lagt inn i partibasen for haustturneringar.

Resultat 2. runde i haustturneringa

25 Sep 2008 skrevet av asmund
To forfall, dermed vart det avvikla berre to parti i 2. runde måndag:

Rudi Kilen - Richardson Dayvid Fernandes 1-0
Kjell Næssvold - Gunnar Gisnås 1-0

Parrtia Matts Eriksen - Lars Lium og Erlend Husdal Landrø - Åsmund Forfang vart utsett.

28 september blir det lyn.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 149 150 151 152 153 154 155 156 157 158 159 160 161 162 163 164 165 166 167 ... 169 ... 171 ... 173 ... 175 ... 177 Next >>

Powered by CuteNews