Nyheter


2. runde i haustturneringa

12 Sep 2012 skrevet av asmund
Det er no seks deltakarar i turneringa, og 2. runde vart avvikla tirsdag 11. september:

Kjell Næssvold - Matts Eriksen 1-0
Rudi Kilen - Åsmund Forfang 0-1
Arne Samskott - Richardson Fernandes 1-0

Første runde i langsjakken

06 Sep 2012 skrevet av asmund
Det er fem deltakarar i denne første langsjakkturneringa i haust. Sist tirsdag, 4. september, vart første runde avvikla, med favorittseirar:

Arne Samskott - Matts Eriksen 0-1
Åsmund Forfang - Kjell Næssvold 0-1

Det kunne fort ha gått omvendt i det siste partiet. Begge spelarane trudde at Kjell hadde snudd partiet til sin klare fordel da han greidde å snappe Åsmunds farlege fribonde, som hadde skaffa han eit pent trykk, og Kjell vann også nokså lett etterpå. Men da dei kom heim og kjørte partiet i datamonsteret Rybka, vart det to stykk gedigne hakeslepp. Fribondesnappinga var ein kjempetabbe, og Rybka gav Åsmund +7, altså fullstendig vinnande stilling. Til og med med det trekket Åsmund hadde planlagt. Men sjakk er eit psykisk spel, og Åsmund var sikker på at han hadde dumma seg ut og heldt på å tape. Derfor ingen analyse, derfor gjorde han eit anna trekk, og derfor gjekk det som det gjekk. Huff og tytty.

Solid resultat i sjakkfeiden Jämtland-Trøndelag

06 Sep 2012 skrevet av asmund
Trøndelag slo Jämtland 15 1/2 - 4 1/2 i den årlege sjakkfeiden som i år vart arrangert i Östersund laurdag 1. september. Våre to deltakarar, Kjell Næssvold og Lars Lium, gjorde det også bra, begge vann sitt parti.

I den individuelle hurtigsjakkturneringa søndag 2. september låg Kjell lenge an til ei topplassering, men tapte dei siste tre partia sjølv om han stod til seier i fleire av dei. Han vart til slutt nr. 10 med 4 poeng av 7. Lars Lium gjorde det også godt med 3 poeng og tjuandeplass - han vart beste spelar i si ratinggruppe.

Full oversikt finn du her.

Åpningskveld med lyn - før haustturneringa

29 Aug 2012 skrevet av asmund
Ein lynrunde og påmelding til haustturneringa stod på programmet på åpningskvelden i sjakklubben tirsdag 27. august.

Haustturneringa (langsjakk) startar førstkommande tirsdag 4. september. Hittil har vi fem påmeldte, men det er tidsnok å melde seg på på tirsdagen.

Dei fem frammøtte på åpningskvelden gjennomførte ein lynrunde. Harde slag etter ein lat sommarferie og delt seier, sjølv ikkje eit ekstra finaleparti skilte dei to i teten, og da kunne det likså godt ende slik.

Resultat:
Kjell Næssvold 3 1/2 (av 4)
Åsmund Forfang 3 1/2
Matts Eriksen 2
Rudi Kilen 1
Arne Samskott 0

Vi startar haustsesongen 28. august

19 Aug 2012 skrevet av asmund
Orkdal sjakklubb startar haustsesongen tirsdag 28. august kl. 19.00, på vanleg stad på Orkdal vidaregåande skole.

Dersom det er medlemmer som har sterkt ønske om ein annan speledag enn tirsdag, så kontakt formannen.

Den første kvelden blir det påmelding til haustturneringa i langsjakk, med første runde 4. september.

Forslag til terminliste blir lagt fram 28. august.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 167 168 169 170 171 172 173 174 175 176 177 178 179 180 181 182 183 184 185 ... 187 ... 189 ... 191 ... 193 ... 195 ... 197 ... 199 ... 201 ... 203 ... 205 ... 207 ... 209 ... 211 ... 213 ... 215 ... 217 ... 219 ... 221 ... 223 ... 225 ... 227 ... 229 ... 231 ... 233 ... 235 ... Next >>

Powered by CuteNews