Seier mot Trondheimsstudenene 3 |
25 Nov 2008 skrevet av asmund |
Orkdal vann den første seriekampen i årets sesong mot tredjelaget til Trondheimsstudentene. Både Matts og Rudi på 3. og 4. bord vann ganske greitt og raskt, mens partia på 1. og 2. bord vart meir langdryge pinsler. Hallvar kom i ei klar tapsstilling, mens Kjell kanskje kunne ha utnytta ein fordel i midtspelet, men enda opp i ei dønn remisstilling. Totalt resultat: 2 1/2 - 1 1/2, og det må vi seie oss brukbart fornøgd med. Neste seriekamp er mot SMPOAÅ, ein erkefiende vi vil satse alt på å slå! Resultat: (Spelaren frå heimelaget Orkdal til venstre i oppstillinga. Orkdal spelte med svart på 1. og 3. bord, kvit på 2. og 4. bord.) 1. Kjell Næssvold - Jarle Kvåle : 1/2 2. Hallvard Gisnås - Anders S. Norli : 0-1 3. Matts Eriksen - Tore Hauan: 1-0 4. Rudi Kilen - Ole Chr. Norum: 1-0 Partia blir lagt ut på partibasen vår med det første. |
Harde fightar i 6. runde i Haustturneringa |
18 Nov 2008 skrevet av asmund |
Etter nest siste runde er stillinga den at både Kjell og Åsmund kan vinne Haustturneringa, og vi har ordna det så vist at dei to møtest i siste runde den 8. desember. I sjette runde i går, 17. november, vart det utkjempa til dels ville fightar på sjakkbrettet. Matts tok kvalitet så det monna i partiet mot Gunnar. Så kunne det sjå ut over brettet som om Gunnar heldt på å få inn eit kvelartak på Matts. Men Matts viste seg å ha ei altfor god stilling, og det var til slutt han som fekk inn det avgjerande kvelartaket. Richardson og Åsmund spelte det ryddigaste partiet i går kveld, partiet gjekk stramt og godt i ein dragevariant av siciliansk, med solide trekk, heilt til Richardson i ei litt pressa, men nokså lik stilling gjorde ein megatabbe i trekk 22 og gav opp direkte. Det tredje partiet var midt inne i ville forviklingar da referenten gjekk. Referenten sendte derfor i dag e-post til den eine kombattanten med spørsmål om resultatet, og fekk dette nøkterne svaret: "Hei! Resultatet vart noko det slettest ikkje skulle ha vore. Først ofra svart ein løpar på h3, men kvit torde ikkje å ta i mot for det ville føre til at svart sette sjakk matt.Kvit arbeidde seg så fram til ein interessant gaffel med kvalitesgevinst, men svart såg andre vegen og sette dronninga på h4 med mattrussel i 1 trekk. Kvit kunne så slå begge dei svarte tårna, eitt med hest, det andre med hest og bonde. Dette vart det ikkje tid til for svart D og T raserte kongefløya og kvit konge kunne berre søke eksil på D-fløya. På turen spaserte han framom tårna sine, som sto som revmat på line 1. Komme til Kc1 kunne svart seie sjakk med tårnet og vinne heil D, men svart la bort kalkulatoren og bytte tårn i staden. Da hadde kvit kvalitet mot 3 bønder eller noko sånt.. Ikkje berre hadde kvit store problem i spellet, klaffen datt i trekk 41, og gongongen var berre eit par miutt unna da løparen til svart tok siste bonden til kvit. Dermed måtte kvit slå løparen med tårnet på a6, og kongen slo T. Dermed miste svart den nest siste bonden på c6. Svarts siste bonde sto da på f7, og da kan Orkdal Sjakklubb himself sjå kor akkurat kvit nådde att f-bonden. Trur ikkje partiet kjem på heimesida, kvit ga opp å skrive i første tidsnøda, svart ga opp noko seinare, og etter det vart berre eitt og anna trekket notert. Men for sjakkinteresserte rebusfolk er rekonstruksjon ei utfordring. Men altså, ein merkeleg remis vart det til slutt. " Resultat: Gunnar Gisnås - Matts Eriksen 0-1 Richardson Dayvid Fernandes - Åsmund Forfang 0-1 Lars Lium - Rudi Kilen 1/2-1/2 Dei to første partia er lagt inn i partibasen vår. Stillinga i Haustturneringa før siste runde: Kjell Næssvold 6 Åsmund Forfang 5 1/2 Matts Eriksen 4 Rudi Kilen 3 1/2 Lars Lium 3 Richardson Dayvid Fernandes 2 Gunnar Gisnås 1 |
6. runde haustturneringa, oppsett |
11 Nov 2008 skrevet av asmund |
Måndag 17. november speler vi sjette og nest siste runde i haustturneringa: Gunnar Gisnås - Matts Eriksen Richardson Dayvid Fernandes - Åsmund Forfang Lars Lium - Rudi Kilen Kjell Næssvold WO |
Lynrunde 10. november |
11 Nov 2008 skrevet av asmund |
Sju medlemmer var møtt opp til ein dobbel lynrunde i går. Ein måtte dra etter halvspelt dobbelrunde, dermed vart det 11 rundar. Matts gjorde nesten reint bort, det poenget han avgav, var etter at Lars hadde tapt på tid, men kunne påvise tvungen matt på 2-3 trekk. Resultat: Matts Eriksen 10 (av 11) Åsmund Forfang 8 Rudi Kilen 5 Lars Lium 5 Gunnar Gisnås 4 1/2 Marius Eriksen 3 1/2 Shamil Shkalahov 0 |
3. runde i haustturneringa |
03 Nov 2008 skrevet av asmund |
Det var tredje runde, ikkje fjerde som skulle spelast i kveld, måndag 2. november. Dessutan var partia ført opp med feil farge på spelarane her på heimesida, så opptil fleire møtte proppfull av forberedt teori utan nytte. Så mykje er teori verdt ... Resultat: Richardson Dayvid Fernandes - Kjell Næssvold 0-1 Åsmund Forfang - Rudi Kilen 1-0 Gunnar Gisnås - Lars Lium 0-1 Gunnar fekk opp ei knugande god stilling mot Lars, Lars var innlåst med heile menasjeriet av offiserar, men greidde på mirakuløst vis å banke seg ut av fengselet - og til ein seier som var overraskande for oss som såg Gunnars opningsstilling. Rudi trekte litt uforsiktig tidleg i opninga i ein lukka sicilianer, og frå da av fekk Åsmund eit større og større initiativ som endte med katastrofe for Rudi. Kjell måtte slite mot ein angrepsvillig Richardson, men manøvrerte med sikker forsvarshand og utnytta det materielle overtaket han etter kvart fekk. Etter fem av sju rundar er stillinga slik (WO rekna som 1 poeng): Kjell Næssvold 5 Åsmund Forfang 4 1/2 Matts Eriksen 3 Rudi Kilen 3 Lars Lium 2 1/2 Richardson Dayvid Fernandes 2 Gunnar Gisnås 1 Om fjorten dagar, den 17. november, speler vi sjette og nest siste runde (og denne gongen er oppsettet kvalitetssikra!): Gunnar Gisnås - Matts Eriksen Richardson Dayvid Fernandes - Åsmund Forfang Lars Lium - Rudi Kilen Kjell Næssvold WO |
<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 201 202 203 204 205 206 207 208 209 210 211 212 213 214 215 216 217 218 219 ... 221 ... 223 ... 225 ... 227 ... 229 ... Next >>