Nyheter


Oppsamlingsrunde i haustturneringa + lynrunde

22 Sep 2012 skrevet av asmund
Tirsdag 25. september blir det oppsamlingsrunde i haustturneringa, med eit utsett parti frå 1. runde og eit utsett parti frå 3. runde:

Rudi Kilen - Richardson Fernandes
Kjell Næssvold - Arne Samskott

For andre frammøtte blir det avvikla ein lynrunde med 5 minutt +3 sekund pr. trekk.

3. runde i haustturneringa

22 Sep 2012 skrevet av asmund
Tirsdag 18. september vart to parti i 3. runde i haustturneringa avvikla:

Rudi Kilen - Matts Eriksen 0-1
Åsmund Forfang - Richardson Fernandes 1-0

2. runde i haustturneringa

12 Sep 2012 skrevet av asmund
Det er no seks deltakarar i turneringa, og 2. runde vart avvikla tirsdag 11. september:

Kjell Næssvold - Matts Eriksen 1-0
Rudi Kilen - Åsmund Forfang 0-1
Arne Samskott - Richardson Fernandes 1-0

Første runde i langsjakken

06 Sep 2012 skrevet av asmund
Det er fem deltakarar i denne første langsjakkturneringa i haust. Sist tirsdag, 4. september, vart første runde avvikla, med favorittseirar:

Arne Samskott - Matts Eriksen 0-1
Åsmund Forfang - Kjell Næssvold 0-1

Det kunne fort ha gått omvendt i det siste partiet. Begge spelarane trudde at Kjell hadde snudd partiet til sin klare fordel da han greidde å snappe Åsmunds farlege fribonde, som hadde skaffa han eit pent trykk, og Kjell vann også nokså lett etterpå. Men da dei kom heim og kjørte partiet i datamonsteret Rybka, vart det to stykk gedigne hakeslepp. Fribondesnappinga var ein kjempetabbe, og Rybka gav Åsmund +7, altså fullstendig vinnande stilling. Til og med med det trekket Åsmund hadde planlagt. Men sjakk er eit psykisk spel, og Åsmund var sikker på at han hadde dumma seg ut og heldt på å tape. Derfor ingen analyse, derfor gjorde han eit anna trekk, og derfor gjekk det som det gjekk. Huff og tytty.

Solid resultat i sjakkfeiden Jämtland-Trøndelag

06 Sep 2012 skrevet av asmund
Trøndelag slo Jämtland 15 1/2 - 4 1/2 i den årlege sjakkfeiden som i år vart arrangert i Östersund laurdag 1. september. Våre to deltakarar, Kjell Næssvold og Lars Lium, gjorde det også bra, begge vann sitt parti.

I den individuelle hurtigsjakkturneringa søndag 2. september låg Kjell lenge an til ei topplassering, men tapte dei siste tre partia sjølv om han stod til seier i fleire av dei. Han vart til slutt nr. 10 med 4 poeng av 7. Lars Lium gjorde det også godt med 3 poeng og tjuandeplass - han vart beste spelar i si ratinggruppe.

Full oversikt finn du her.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 105 106 107 108 109 110 111 112 113 114 115 116 117 118 119 120 121 122 123 ... 125 ... 127 ... 129 ... 131 ... 133 ... 135 ... 137 ... 139 ... 141 ... 143 ... 145 ... 147 ... 149 ... 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... 159 ... 161 ... 163 ... 165 ... 167 ... 169 ... 171 ... 173 ... 175 Next >>

Powered by CuteNews