Nyheter


Lynseier til Åsmund

05 Apr 2008 skrevet av asmund
Fire medlemmer utkjempa ein firedobbel lynrunde måndag 31. mars. Det var lenge close race i teten mellom Matts og Åsmund, men for kvar gong dei to møttest, rykka Åsmund eit heilpoeng ifrå, og da gjorde det lite at Gunnar fekk inn eit knusande slag: Åsmund vann ein historisk stor seier og eini ny twistpose, der lakrisen vart knerta først!

Åsmund Forfang: 11 (av 12)
Matts Eriksen: 7
Gunnar Gisnås: 4
Rudi Kilen: 2

Kommande måndag er det altså femte runde i klubbmesterskapet.

Kretsmesterskap 5.-6. april i Trondheim

26 Mar 2008 skrevet av asmund
Trondheimsstudentenes sjakklubb er i år arrangørar av Kretsmesterskapet. Det går over to dagar, med fem parti med ei tenketid på 90+30 minutt.

Du kan melde deg på her.

Klubbmesterskapet - stilling og oppsett 5. runde

25 Mar 2008 skrevet av asmund
Etter fire rundar i klubbmesterskapet er stillinga denne:

Matts Eriksen 4
Lars Lium 4 (1 WO)
Åsmund Forfang 3 (1 WO)
Richardson D. Fernandes 2,5 (1 WO)
Gunnar Gisnås 2 (1 WO)
Rudi Kilen 0,5
Shamil Shkalahov 0

5. runde blir spelt 7. april:
Richardson D. Fernandes - Matts Eriksen
Åsmund Forfang - Lars Lium
Shamil Shkalahov - Gunnar Gisnås
Rudi Kilen WO

Hurtigsjakk 31. mars

25 Mar 2008 skrevet av asmund
No er heimesida vår i full drift og oppdatert. Terminlista for våren 2008 er på plass på "Om oss", og vi legg ut informasjon og nye partisamlingar etter kvart som ting blir klare.

Førstkommande måndag står hutrigsjakk på planen.

Lynsjakk for fire 17. mars

25 Mar 2008 skrevet av asmund
Fire medlemmer troppa opp på Strandheim 17. mars til siste klubbkveld før påske. Det vart gjennomført ein firedobbelrunde med lyn, i alt 12 parti. Matts såg lenge ut til å ha alt i si hule hand, men Åsmund tukta favoritten i dei siste tre rundane og sneik seg halvpoenget framfor og kunne rusle heim med twistposen i lomma.

Resultat:

Åsmund Forfang 9,5 (av 12)
Matts Eriksen 9
Marius Eriksen 3
Rudi Kilen 2,5

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 215 216 217 218 219 220 221 222 223 224 225 226 227 228 229 230 231 232 233 ... 235 ... 237 ... Next >>

Powered by CuteNews