Nyheter


Oppsett 5. runde klubbmesterskapet

27 Feb 2007 skrevet av asmund
Måndag 5. mars er det 5. runde i klubbmesterskapet:

Lars Lium - Åsmund Forfang
Matts Eriksen - Bjarne Solstad
Endre Bjørgum - Rudi Kilen
Marius Eriksen - Shamil Shkalahov
Emil Mona - Richardson Dayvid Fernandes

Kampparti i fjerde runde

26 Feb 2007 skrevet av asmund
Det gjekk nokså hardt for seg i fleire av partia i fjerde runde.
I partiet Matts-Åsmund valde Åsmund siciliansk denne gongen, det vart ein slags Nimzowitsj-variant med full konfrontasjon tidleg i spelet. Så rekna Matts feil i ei slagveksling - det gav han eit hissig angrep, men ikkje tilstrekkeleg sterkt. Åsmund brukte imidlertid altfor mykje tid på å pønske ut eit sterkt nok forsvar, og i staden for å spele på gevinsten som låg i stillinga, våga han ikkje anna enn å legge opp til ein remis ved trekkgjentaking, som Matts gjekk inn i.
Vahid Vazirgul har sett seg nøydd til å trekke seg frå turneringa av tidsgrunnar, og Lars fekk dermed eit gratis WO-poeng mens han låg heime i influensa.
I partiet mellom Bjarne og Emil fekk Emil som vanleg opp ei gevinststilling. Men han har hatt ein tendens i det siste til å skusle bort seieren. Så også denne gongen, og Bjarne kunne kassere inn heile poenget.
Partiet mellom Rudi Kilen og Marius Eriksen vart eit bikkjeslagsmål utan like. Begge gjorde feil som fekk overtaket til å danse fram og tilbake over brettet som ein pingpong-ball. Det vart Marius som begjekk den avsluttande feilen - med tap av dronninga og partiet.
Shamil tok tidleg i partiet mot Endre kommandoen, slik at Endre hadde sin fulle hyre med å klamre seg til brettet - og til slutt måtte sleppe taket.

Matts Eriksen - Åsmund Forfang 1/2-1/2
Vahid Vazirgul - Lars Lium 0-1 (WO)
Bjarne Solstad - Emil Mona 1-0
Rudi Kilen - Marius Eriksen 1-0
Shamil Shkalahov - Endre Bjørgum 0-1
Richardson Dayvid Fernandes WO

Oppsett fjerde runde i klubbmeisterskapet

19 Feb 2007 skrevet av asmund
Måndag 26. februar er det fjerde runde i klubbmeisterskapet:

Matts Eriksen - Åsmund Forfang
Vahid Vazirgul - Lars Lium
Bjarne Solstad - Emil Mona
Rudi Kilen - Marius Eriksen
Shamil Shkalahov - Endre Bjørgum
Richardson Dayvid Fernandes WO

Stillinga etter tre rundar:
Åsmund Forfang 3
Matts Eriksen 2 1/2
Lars Lium 2 1/2
Vahid Vazirgul 2 (av 2)
Bjarne Solstad 1 (av 2)
Endre Bjørgum 1 (av 2)
Marius Eriksen 1 (av 2)
Rudi Kilsen 1
Emil Mona 1
Shamil Shkalahov 1

Lynkveld med 11 deltakarar!

19 Feb 2007 skrevet av asmund
Ikkje verst med 11 deltakarar på ein lynkveld på Strandheim 19. februar - og spesielt velkommen var utflytta Knut Baadshaug, som besøkte gamleklubben og la beslag på tredjeplassen i den harde konkurransen. Den uimotståelege var Matts, som stakk av med alle 10 poenga.

Resultat:
Matts Eriksen 10 av 10
Åsmund Forfang 9
Knut Baadshaug 7
Lars Lium 6
Rudi Kilen 6
Gunnar Gisnås 5
Bjarne Solstad 5
Richardson Dayvid Fernandes 3 1/2
Erlend Landrø Husdal 2 1/2
Endre Bjørgum 1
Shamil Shkalahov 0

Cafe do Brazil

13 Feb 2007 skrevet av gunnar
En merkelig tykk og grautete kaffe var det styret serverte mandag kveld. Ingen- og absolutt ikke vår brasilianske venn Richardsson satte pris på den. Men det var ikke lett å se forskjell på økonomiposene av COOP instant kaffe og COOP filtermalt kaffe, filtermalt smaker ikke godt rett i koppen. For øvrig utmerket servering med vafler, marsipankaker og syltetøy.
Det ble spilt to hengepartier. Vahid var ubarmhjertig mot Shamil , mens Lars måtte streve en del med Marius Eriksen.
Ellers ble det spilt Triatlon TWIST med 8 deltagere. Ikke uventet sloss Matts seg til seieren. Tirret opp av den dårlige kaffen var han uimotståelig.
Resultater triatlon:
1: Matts 6 p
2: Åsmund 5,5
3: Vahid 4,5
4: Rudi 4
5: Gunnar 3,5
5: Shamil 3,5
7: Richardsson 1
8: Endre 0.
Nye sjanser blir det på Triatlon lynsjakk 19.2. I tillegg hengeparti fra klubbmesterskapet.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 ... 218 ... 220 221 222 223 224 225 226 227 228 229 230 231 232 233 234 235 236 237 238 Next >>

Powered by CuteNews