Nyheter


1. runde avvikla - 2. runde 7. september

31 Aug 2009 skrevet av asmund
Sju deltakarar inntil vidare i haustturneringa. Siste sjanse til å gi seg med er neste måndag, 7. september.

Resultat:
Kjell Næssvold - Claudio Higueras 1-0
Matts Eriksen - Lars Lium 1-0
Rudi Kilen - Åsmund Forfang 0-1
Richardson Fernandes WO

31. august: 1. runde i haustturneringa

29 Aug 2009 skrevet av asmund
Måndag 31. august blir første runde i haustturneringa spelt. Foreløpig har vi seks påmeldte. Møt opp og bli med!

Turneringa blir spelt med ei tenketid pr. spelar på 120 minutt - 90 minutt på dei første 40 trekka, 30 minutt på resten. Vinnaren av turneringa får namnet sitt på ein vandrepokal ...

På oppstartskvelden for hausten 24. august var vi fem frammøtte. Vi tok ein runde lyn, og Kjell Næssvold viste seg uslåeleg ved denne anledninga.

Haustsesongen i gang 24. august

18 Aug 2009 skrevet av asmund
Orkdal sjakklubb startar haustsesongen på Strandheim 24. august kl. 19.00. Velkommen til nye og gamle medlemmer!

I haust konsentrerer vi oss om langsjakk, altså skikkeleg sjakk. Det blir ei haustturnering som startar 31. august - påmelding seinast ved oppmøte, helst før. Du kan melde deg på ved å møte opp på Strandheim 24. august, eller på telefon/sms til 913 25 872.

Etter kvar andre runde har vi ein kveld der nødvendige hengeparti blir avvikla. På dei kveldane kan dei som ikkje speler hengeparti, vere med på å diskutere og analysere tidlegare avvikla parti, eller spele reine treningsparti, altså utan at vi set opp ei turnering for kvelden.

To lynkveldar og kanskje eit par kveldar med hurtigsjakk blir også aktuelt.

VEL MØTT!

Haustsesongen startar i slutten av august

20 May 2009 skrevet av asmund
Så er altså vårsesongen avslutta - takk for den. Litt amputert vart den, ettersom vi måtte avbryte langsjakkturneringa. Men vi planlegg å mobilisere mange til ei oppkjøring til haustsesongen gjennom ei laurdagsturnering på Fannarheimr i slutten av august. Følg med!

Og god sommar!

Jamt i tet i siste Konrad-runde - Matts med klar margin samanlagt

20 May 2009 skrevet av asmund
Måndag 18. mai avslutta vi vårsesongen i klubben med siste runde i Konrad-turneringa. Uvanleg tett i teten denne gongen. Men i samanlagtstillinga var det ingenting å gjere med Matts.

Resultat:
Lars Lium 10 (av 12)
Matts Eriksen 10
Åsmund Forfang 10
Shamil Shkalahov 6
Rudi Kilen 4

Samanlagtresultat:
Matts Eriksen 159
Åsmund Forfang 140
Lars Lium 111
Rudi Kilen 99
Gunnar Gisnås 43
Marius Eriksen 43
Shamil Shkalahov 20
Krezten Risli 13

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 137 138 139 140 141 142 143 144 145 146 147 148 149 150 151 152 153 154 155 ... 157 ... 159 ... 161 ... 163 ... 165 ... 167 ... 169 ... 171 ... 173 ... 175 Next >>

Powered by CuteNews