Nyheter


Ny hurtig-kveld tirsdag 22. september

20 Sep 2020 skrevet av asmund
Vi fortset med hurtigsjakk - 10 min + 10 sek - på klubbkvelden tirsdag 22 september. Velkommen!

Hurtigsjakk tirsdag 15. september

11 Sep 2020 skrevet av asmund
På oppstartsmøtet for hausten tirsdag 8. september møtte fire medlemmer til ein runde hurtigsjakk. Det vart spel med eingongshanskar, og det gjekk fint, med trygge koronareglar: god avstand mellom spelarane og Antibac i lokalet.

Det blir berre hurtigsjakk framover. Vi får tilgang til lokalet berre i tidsrommet 18.30 til 21.00 fordi lokala ved skulen skal vaskast ordentleg ned kvar kveld.

Velkommen tirsdag 15. september kl. 18.30!

Oppstart i Orkdal sjakklubb! Tirsdag 8. september kl. 18.30

04 Sep 2020 skrevet av asmund
Vi har fått beskjed frå Follo om at vi igjen kan låne lokala der.

Da startar vi opp straks, tirsdag 8. september kl. 18.30. MERK TIDSPUNKTET. Vi har lov til å bli der berre til kl. 21, for da skal romma reingjerast etter dei nye koronareglane.

Også vi er strengt underlagt smittereglane: 1 meters avstand, handvask, berre den som er i trekket, har lov til å bøye seg over brettet, og utstyr må reingjerast med sprit når ein ny spelar skal bruke det.

Turnering i Levanger 11.-13. september

04 Sep 2020 skrevet av asmund
Levanger GP blir arrangert fysisk også i år, trass i koronaplagene. For å få til det har Levanger sjakklubb flytta arrangementet til romslege lokale ved Nordtun Grendehus 5 kilometer frå Levanger sentrum. Dette kan bli ei hyggeleg helg etter stort sett berre nettspeling sidan mars.

Informasjon og påmelding her.
Kart som viser vegen til Nordtun Grendehus finn du her.

Turnering på lichess.org 6. september

04 Sep 2020 skrevet av asmund
I påvente av at forholda gjer det muleg å starte opp att i sjakklubben, kan du hive deg med på spennande turneringar andre stader, først no på søndag 6. september på lichess.org.

Informasjon på Facebook finn du her.
Lenke til turneringa 6. september finn du her.
Og samlestaden på lichess er her.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 ... 53 ... 55 ... 57 ... 59 ... 61 ... 63 ... 65 ... 67 ... 69 ... 71 ... 73 ... 75 ... 77 ... 79 ... 81 ... 83 ... 85 ... 87 ... 89 ... 91 ... 93 ... 95 ... 97 ... 99 ... 101 ... 103 ... 105 ... 107 ... 109 ... 111 ... 113 ... 115 ... 117 ... 119 ... 121 ... 123 ... 125 ... 127 ... 129 ... 131 ... 133 ... 135 ... 137 ... 139 ... 141 ... 143 ... 145 ... 147 ... 149 ... 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... 159 ... 161 ... 163 ... 165 ... 167 ... 169 ... 171 ... 173 ... 175 ... 177 ... 179 ... 181 ... 183 ... 185 ... 187 ... 189 ... 191 ... 193 ... 195 ... 197 ... 199 ... 201 ... 203 ... 205 ... 207 ... 209 ... 211 ... 213 ... 215 ... 217 ... 219 ... 221 ... 223 ... 225 ... 227 ... 229 ... 231 ... 233 ... 235 ... 237 ... 239 Next >>

Powered by CuteNews