Hurtigsjakk-seier til Åsmund - og så begynner langsjakken |
02 Sep 2008 skrevet av asmund |
Vi som sat på sjakkbordet på Ørkdalsdåggån i helga, hadde det hyggeleg - ikkje så reint få kom til bordet og spelte, og Claudio frå Chile oppdaga oss og var på sin første klubbkveld i går, måndag. Der møtte sju medlemmer opp til hurtigsjakk over fem rundar, ti minutt på klokka til kvar. Resultat: Åsmund 5 Matts 4 Gunnar 3 Clauido 3 Marius 2 Rudi 2 Shamil 1 Kommande måndag startar haustturneringa i langsjakk, 90 minutt på 40 trekk, 30 minutt på resten. Turneringa går over sju rundar. |
Ny terminliste |
26 Aug 2008 skrevet av asmund |
Etter å ha konferert med medlemmene på siste klubbkveld er terminlista endra, slik at haustturneringa i langsjakk først begynner 8. september. Den nye terminlista er lagt inn på sida "Om oss". |
Orkdal sjakklubb på Ørkdalsdåggån |
26 Aug 2008 skrevet av asmund |
Vi stiller med bord og brett på klubbhuset i Tråvparken på Fannrem under Ørkdalsdåggån til helga. Der kan sjakkinteresserte møte oss over brettet til uhøgtideleg spel - eller dei kan satse ein tikroning og få tilbake tjue om dei slår oss ... Det blir fredag, laurdag og søndag: Frå klokka 16.00 på fredag og frå kl. 12.00 på laurdag og søndag. |
Fem strake til Kjell Næssvold i hurtigsjakk |
26 Aug 2008 skrevet av asmund |
Fem medlemmer på plass for å utkjempe ein hurtigsjakkdyst på Strandheim i går kveld. Kjell Næssvold gjekk til topps med full pott, sjølv om ein av seirane var litt heldig ... Kjell Næssvold 5 (av 5) Matts Eriksen 3,5 Åsmund Forfang 3,5 Richardson Dayvid Fernandes 2 Rudi Kilen 1 |
Lyn-Matts til topps |
19 Aug 2008 skrevet av asmund |
Etter ein motorsykkelferie med ein innlagt heiderleg innsats på Kafésjakken i Bergen stilte Matts Eriksen opplagt og i form på første spelekveld i haust. Han gjekk like godt til topps i begge dei to doble lynrundane og stakk av med twistposen. Neste måndag er det hurtigsjakk - og påmelding til haustturneringa! Terminlista er no lagt inn på sida "Om oss". |
<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 ... 218 ... 220 ... 222 223 224 225 226 227 228 229 230 231 232 233 234 235 236 237 238 239 240 241 ... 243 ... 245 ... 247 ... 249 ... Next >>