Matts klubbmester i lyn |
21 Dec 2010 skrevet av asmund |
Full pott for Matts i klubbmesterskapet i lyn, som vart arrangert etter årsmøtet i går kveld. Ikkje alle seirane var like bombesikre eller fortente, må vi andre få lov til surmulande å påstå, men skiljet går ofte der: mellom dei som er gode nok til ikkje å gjere feila, og dei andre ... Resultat Matts Eriksen 6 (av 6) Åsmund Forfang 3 Lars Lium 2 Rudi Kilen 1 |
Årsmøte 20. desember - med klybbmesterskap i lyn |
16 Dec 2010 skrevet av asmund |
Minner om årsmøtet i klubben på Strandheim måndag 20. desember kl. 19.00 Diskusjon om framtidig spelelokale og framtida til klubben Dessutan vanlege årsmøtesaker. Og som vanleg: klubbmesterskap i lynsjakk etter årsmøtet. |
Lynrunde 13. desember |
16 Dec 2010 skrevet av asmund |
Kjell er nær uslåeleg i lynsjakkrundane våre - men berre nær, Rudi hadde han i kne sist måndag med definitivt vunne stilling, men med lyntid er det ikkje lett å klekke ut den rette strategien. Dermed valde han å desminere brikkene til remis ... Resultat: Kjell Næssvold 7,5 (av 8) Åsmund Forfang 5 Matts Eriksen 4 Rudi Kilen 3,5 Lars Lium 0 |
Årsmøte med diskusjon om klubbens framtid - og klubbmesterskap i lyn |
06 Dec 2010 skrevet av asmund |
20. desember blir det årsmøte i Orkdal sjakklubb, på Strandheim. Hovuddiskusjonen på årsmøtet må bli klubbens framtid. No er vi berre fire-fem medlemmer på klubbkveldane. Da er det iallfall ikkje særleg fornuftig å behalde dei lokala vi har på Strandheim, som vi må betale mykje for. Da må vi også diskutere i kva slags form aktiviteten i klubben skal fortsette. Skal vi i det heile tatt ha faste klubbkveldar? Altså ein grunnleggande diskusjon. Vi må ha samling i bånn, som det heiter, og alle som ønsker å ha ein sjakklubb i Orkdal: Møt opp! Årsmøtet blir som vanleg avslutta med klubbmesterskap i lyn. |
Ny lynrunde 6. desember |
06 Dec 2010 skrevet av asmund |
Klubbkveld med etteranalyse av partia i seriesjakken, pluss ein tredobbel runde lyn for dei fire frammøtte. Resultat: Matts Eriksen 7,5 (av 9) Åsmund Forfang 6 Rudi Kilen 3 Lars Lium 1,5 |
<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 173 174 175 176 177 178 179 180 181 182 183 184 185 186 187 188 189 190 191 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 ... 218 ... 220 ... 222 ... 224 ... 226 ... 228 Next >>