Resultat 3. runde i klubbmesterskapet |
26 Mar 2014 skrevet av asmund |
Heile tredje runde vart avvikla i går kveld, tirsdag 25. mars. På førstebord møttest dei to hittil einaste ubeseira deltakarane, Hans B. Andreasen og Åsmund Forfang. Hans var uforsiktig svært tidleg i spelet og kom straks eit tårn under, som avgjorde partiet til Åsmunds fordel, sjølv om Hans sette opp alle gjenverande brikker i eit kolossalt press mot Åsmunds konge. Oppgjeret mellom våre to yngste og ferske medlemmer, Sander Halvorsen og Lars Garberg, stod lenge nokså likt, i avbyttevarianten i spansk, ei åpning iallfall Lars tydelegvis har kikka nærare på. Ei feilvurdering av Sander i ei lik stilling førte til tap av offiser, og Lars rodde partiet i land. Partiet viser at dei to er i ferd med å bli solide spelarar. Åsmund Almli og Lars Lium gjekk inn i ei d4-åpning som Lars typisk nok vrei over i fransk. Også her var det ein lei konsentrasjonsglipp som gjorde slutt på spenninga i eit spel som bølga fram og tilbake, og Lars kunne ta heile poenget. Resultat: Hans B. Andreasen - Åsmund Forfang 0-1 Arne Samskott - Rudi Kilen 0-1 Åsmund Almli - Lars Lium 0-1 Sander Halvorsen - Lars Garberg 0-1 |
Trening/instruksjon kl. 18 - langsjakk kl. 19 i kveld |
25 Mar 2014 skrevet av asmund |
Minner om langsjakkrunden i kveld, tirsdag 25. mars. Møter du ein time før, kl. 18, kan du trene eller få instruksjon. |
Lynturnering på Sverresborg søndag 23. mars |
20 Mar 2014 skrevet av asmund |
Sjakklubben Elefantene arrangerer ei lynsjakkturnering på Sverresborg ungdomsskole søndag 23. mars kl. 12.00, med siste oppmøte kl. 11.30. Her har du sjansen til å møte ein stormeister, svensken Hans Tikkanen. Men det er stor spredning i feltet, så ikkje ver redd for å melde deg på! Informasjon og påmelding her. |
3. runde i klubbmesterskapet i langsjakk 25. mars |
19 Mar 2014 skrevet av asmund |
Siste parti i klubbmesterskapet vart spelt sist tirsdag: Åsmund Almli - Hans B. Andreasen 0-1 Oppsett 3. runde 25. mars: Hans B. Andreasen - Åsmund Forfang Arne Samskott - Rudi Kilen Åsmund Almli - Lars Lium Sander Halvorsen - Lars Garberg |
Resultat tidshandikapp 18. mars |
19 Mar 2014 skrevet av asmund |
Sju medlemmer spelte ein tidshandikapprunde tirsdag 18. mars: 1 Rudi Kilen 4 (av 5) 2 Tom Magnusen 4 p 3 Matts Eriksen 3,5 p 4 Lars Lium 3 p 5 Sander Halvorsen 2,5 p 6 Lars Garberg 2 p 7 Arne Samskott 1 p |
<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 151 152 153 154 155 156 157 158 159 160 161 162 163 164 165 166 167 168 169 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 ... 218 ... 220 ... 222 ... 224 ... 226 ... 228 ... 230 ... 232 ... 234 ... 236 ... 238 ... 240 ... 242 ... 244 ... 246 ... 248 ... 250 Next >>