Tirsdag 13. januar blir det oppstart i det nye året |
06 Jan 2015 skrevet av asmund |
Velkommen til første spelekveld i Orkdal sjakklubb i det nye året tirsdag 13. januar. Som før kl. 18.30 i G-bygget (den låge bygningen) på Follo, Orkdal vidaregåande skole. |
Kjell Næssvold kretsmester i hurtigsjakk |
28 Dec 2014 skrevet av asmund |
Orkdal sjakklubbs Kjell Næssvold gjorde det godt i kretsmesterskapet i hurtigsjakk, som vart avvikla i Trondheim i dag, 28. desember, som ei felles turnering for Nord- og Sør-Trøndelag, altså to kretsmesterskap i eitt. Kjell oppnådde ein sterk andreplass på den samla resultatlista, 5,5 poeng av 7, eit halvpoeng bak vinnaren Øyvind Ukkelberg, Stjørdal. Med dette vart Kjell kretsmester for Sør-Trøndelag - ettersom turneringsvinnaren altså representerte Nord-Trøndelag. Også fire andre frå Orkdal var med: Matts Eriksen nr. 10 på den samla resultatlista, Arne Samskott nr. 16, Einar Andreas Almli nr 19 og Åsmund Almli nr. 22. Resultatlista frå KM finn du her. |
KM i hurtigsjakk 28. desember |
21 Dec 2014 skrevet av asmund |
Kretsmesterskapet i hurtigsjakk blir arrangert søndag 28. desember i lokala til Trondheim sjakkforening. Informasjon og påmelding her. |
Årsmøtet bestemte å arrangere ei Grand Prix-turnering i Orkdal til våren |
17 Dec 2014 skrevet av asmund |
Årsmøtet i Orkdal sjakklubb vart avvikla før klubbmesterskapet i lynsjakk tirsdag 16. desember. Valg til styret: Formann Matts Eriksen og kasserar Rudi Kilen var ikkje på valg i år. Åsmund Forfang og Kjell Næssvold vart valgt til styremedlemmer for 2 år. Hans B. Andreasen vart ny varamedlem for 1 år. Årsmøtet vedtok at klubben skal arrangere ei Grand Prix-turnering i langsjakk våren 2015. Tidspunktet er ikkje bestemt. |
Stor oppslutning om klubbmesterskapet i Lyn - Kjell Næssvold mester også i år |
17 Dec 2014 skrevet av asmund |
Det var 17 deltakarar i det åpne klubbmesterskapet i lyn i år. Gledeleg med så mange barn blant deltakarane! Mesterskapet vart avvikla i to puljer, og dei to beste i kvar pulje gjekk til ein finale. Dei fire vart Kjell Næssvold, Matts Eriksen, Gaute Berg og Åsmund Almli. I finalen var Kjell Næssvold utilnærmeleg, sjølv om også han måtte ty til litt flaks for å komme seg heilt velberga gjennom. Han presterte ei ubroten rekke seirar i turneringa. 1 Kjell Næssvold 2 Matts Eriksen 3 Åsmund Almli Gaute Berg Ellers deltok (i alfabetisk rekkefølge etter fornamn): Arnstein Skåra, Eivind Andreas Almli, Frode Mælen, Krezten Risli, Lars Lium, Marthe Skarholt, Martin Garberg, Morten Garberg, Morten Skarholt, Rudi Kilen, Sindre Mælen, Tom Magnussen, Åsmund Forfang. |
<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 125 126 127 128 129 130 131 132 133 134 135 136 137 138 139 140 141 142 143 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 ... 218 ... 220 ... 222 ... 224 ... 226 ... 228 ... 230 ... 232 ... 234 ... 236 ... 238 ... 240 ... 242 Next >>