Vi startar haustsesongen i Orkdal sjakklubb tirsdag 20. august kl. 19.00. Det blir ein runde hurtigsjakk, og du kan melde deg på haustturneringa i langsjakk.
I sommar gjorde Kjell Næssvold ein svært god innsats med å bli nr. 3 i bymesterskapet i kafésjakk. Resultatlista finn du her.
Og litt forseinka kan vi melde at Lars Lium var på Frøya i april og skaffa Orkdal sjakklubb eit godt renommé.
Sjå her.
Sjakkfejden og Blixtfejden 2019 31. august og 1. september
01 Aug 2019 skrevet av asmund
Dei årlege to Fejde-turneringane mot Jämtland blir i år arrangert i Trondheim laurdag 31. august og søndag 1. september. Informasjon og påmelding her.
Levanger sjakkfestival 13.-15. september
01 Aug 2019 skrevet av asmund
Levanger sjakklubb inviterer til sjakkfestival fredag 13. til søndag 15. september. Informasjon og påmelding
her.
Sjakkhelg 21.-23. juni ved Hell sjakklubb
18 Jun 2019 skrevet av asmund
Hell sjakklubb inviterer til diverse turneringar helga 21.-23. juni: bymesterskap i kafésjakk, barnesjakkturnering, pubsjakk og minimaraton i lynsjakk. Informasjon finn du her.
Sommarferie i sjakklubben
29 May 2019 skrevet av asmund
Sjakklubben tar sommarferie. Velkommen tilbake i slutten av august!