Hauststart i Orkdal sjakklubb tirsdag 26. august |
19 Aug 2014 skrevet av asmund |
Første sjakkveld i Orkdal sjakklubb i haust er tirsdag 26. august, bygg G (lågbygget) på Orkdal vidaregåande skole, klokka 18.30. Vi ønsker alle sjakkinteresserte velkommen! |
Sjakkfejden i Östersund 6.-7. september |
19 Aug 2014 skrevet av asmund |
Har du lyst til å vere med på å representere Trøndelag i den årlege sjakkfeiden, som i år blir arrangert i Østersund den første helga i september? Sjå i så fall her og meld deg på! |
Resultat NM i lynsjakk |
19 Aug 2014 skrevet av asmund |
Orkdal hadde to deltakarar i NM i lynsjakk 20. juli: far og son Åsmund og Eivind Andreas Almli. Åsmund Almli kom til finalen i klasse 5, ein god prestasjon, og vart nr. 6 av dei seks finalistane med 1 poeng. Eivind Andreas var blant dei mange i miniputtklassen som dessverre ikkje nådde finalen. |
Åttande og siste dag i sjakk-NM i Trondheim |
19 Jul 2014 skrevet av asmund |
To av orkdalingane har grunn til å vere fornøgd i dag. Først Lars Lium, som avslutta mesterskapet med to strake og solide seirar og kom på ein svært så god 12. plass i klasse 3 med 5,5 poeng av 9. Dernest miniputt Eivind Andreas Almli, som med seier i siste runde kom opp på 5 poeng på ein 22. plass. Dei tre andre gjekk det skit med, altså tap. I klasse 3 endte Hans A. Andreasen på 4 poeng og ein 38. plass. Åsmund Forfang avslutta turneringa langt under pari med to strake tap og vart ståande på 4,5 poeng og endte på 28. plass. I klasse 4 gjekk Rudi Kilen på ein seier og står med 3,5 poeng på ein 34. plass. |
Sjuande dag i sjakk-NM i Trondheim |
18 Jul 2014 skrevet av asmund |
Ein grei dag, to seirar, to tap, ein remis ... Ein av seirane stod miniputten vår Eivind Andreas Almli for, og han er dermed oppe i 4 poeng av 8, altså halv score. Det er bra! I klasse 3 spelte Hans B. Andreasen atter remis. Lars Lium vann partiet sitt, men Åsmund Forfang tapte heilt unødvendig: tilbydde remis i ei enkel og kliss uavgjort sluttspelstilling, men såg spøkelse da motstandaren ikkje tok imot tilbodet, og gjorde ein bommert ... Lars ligg på 20. plass med 4,5 poeng, Åsmund på plassen bak med same poengsum. Hans er på 30. plass med 4. poeng I klasse 4 gjekk Rudi Kilen på eit nytt tap og ligg på 26. plass med 3,5 poeng. |
<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 143 144 145 146 147 148 149 150 151 152 153 154 155 156 157 158 159 160 161 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 ... 218 ... 220 ... 222 ... 224 ... 226 ... 228 ... 230 ... 232 ... 234 ... 236 ... 238 ... 240 ... 242 ... 244 ... 246 ... 248 ... 250 Next >>