Nyheter


Uavgjort mot Svartlamon 2

11 Mar 2007 skrevet av asmund
Vi klarte berre uavgjort mot Svartlamon 2 søndag 11. mars. "Berre" - fordi Åsmund på tredjebordet regelrett tulla bort eit fullstendig vunne parti med ein ugarderleg matt i den store tidsnøda han kom i.

På førstebordet låg Matts ei stund risikabelt an gjennom ei infernalsk løparplassering som Dag Wessel-Berg sette opp. Men så spelte han seg ut av situasjonen, kom raskt på offensiven og ordna partiet.
På andrebordet fekk Svartlamons Jan-Olav Næss lite ut av eit løparoffer for å komme seg inn i kongestillinga til den langt rokerte kongen til Hallvar. Frå da av var partiet fullt og heilt i Hallvars hender.
På tredjebordet gjekk det altså gale imot Svartlamons Claes Höglund. Sett under eitt var det kanskje rettferdig, ettersom Åsmund bukka ein bonde i opninga og låg under det meste av partiet. Men han fekk opp eit voldsomt angrep som resulterte i ei stilling med tvungen matt - men fekk panikk i tidsnøda og tulla fælt.
På fjerdebordet låg Rudi likt med motstandaren, Frank Storsve, i store delar av partiet - men eit par feiltrekk, så var stillinga ugjenkalleleg tapt.

Resultat:
Matts Eriksen, Orkdal - Dag Wessel-Berg, Svartlamon 1-0
Jan-Olav Næss, Svartlamon - Hallvar Gisnås, Orkdal 0-1
Åsmund Forfang, Orkdal - Claes Höglund, Svartlamon 0-1
Frank Storsve, Svartlamon - Rudi Kilen, Orkdal 1-0

Alle partia er lagt inn i basen "Midtnorgeserien 2006/2007". Hallvar og Åsmund har fyldige kommentarar til partia sine der.

Endeleg ny seier i seriesjakken - og på søndag ventar Svartlamon

10 Mar 2007 skrevet av asmund
Orkdal slo Trondheims 5.-lag 3 1/2 - 1/2 i seriesjakken laurdag 10. mars.
Halvpoenget kom overraskande nok på førstebordet, der Matts lenge stod til krystallklar seier i eit skotsk parti mot Karl Eirik Ødegaard, men spelte ein del unøyaktige trekk i siste halvdel og kom opp i eit sluttspel som var dønn remis.
På andrebordet valte Trondheims Sigurd Stenvik å bytte dronning på feil tidspunkt i eit nokså livleg spansk parti, og etterpå stod Åsmund til klar seier, som han spelte greitt i land.
Lars på tredjebord fekk etter kvart eit godt tak på partiet mot Ole Jacob Hegelund, og etter 59 trekk sette han motstandaren godt matt.
På fjerdebordet gjekk dei nesten 50 trekka raskt unna, og Bjarne vart ståande betre og betre mot Daniel Elstad dess lenger partiet gjekk, og tok heim heile poenget.

Resultat:
Karl Eirik Ødegaard, Tr.h. - Matts Eriksen, Orkdal 1/2-1/2
Åsmund Forfang, Orkdal - Sigurd Stenvik Tr.h. 1-0
Ole Jacob Hegelund, Tr.h. . Lars Lium, Orkdal 0-1
Bjarne Solstad, Orkdal - Daniel Elstad, Tr.h. 1-0

Alle partia er lagt inn i basen "Midtnorgeserien 2006/2007".

På søndag ventar Svartlamon Sjakklags 2.-lag.

Lars klarer brasane!

05 Mar 2007 skrevet av asmund
Lars er utan tap og leder klubbmesterskapet så langt, etter at han fekk overtaket på Åsmund da Åsmund begjekk ein kjempeblunder i befippelse over at Lars gjorde eit trekk han hadde analysert som dårleg. Rein offisersbukk og tapt parti på direkten.
Rudi kapra ein offiser av Endre alt i opninga, og Endre gav opp etter nokså få trekk.
Emil og Richardson utkjempa ein kongegambit med Emil som kvit, sjølvsagt. Emil fekk altfor lite igjen for den ofra bonden, men Richardson spelte upresist mot slutten, og Emil drog poenget i hamn.
Ellers vart to parti utsett.

Resultat:
Lars Lium - Åsmund Forfang 1-0
Matts Eriksen - Bjarne Solstad (uts.)
Endre Bjørgum - Rudi Kilen 0-1
Marius Eriksen - Shamil Shkalahov (uts.)
Emil Mona - Richardson Dayvid Fernandes 1-0

Oppsett 5. runde klubbmesterskapet

27 Feb 2007 skrevet av asmund
Måndag 5. mars er det 5. runde i klubbmesterskapet:

Lars Lium - Åsmund Forfang
Matts Eriksen - Bjarne Solstad
Endre Bjørgum - Rudi Kilen
Marius Eriksen - Shamil Shkalahov
Emil Mona - Richardson Dayvid Fernandes

Kampparti i fjerde runde

26 Feb 2007 skrevet av asmund
Det gjekk nokså hardt for seg i fleire av partia i fjerde runde.
I partiet Matts-Åsmund valde Åsmund siciliansk denne gongen, det vart ein slags Nimzowitsj-variant med full konfrontasjon tidleg i spelet. Så rekna Matts feil i ei slagveksling - det gav han eit hissig angrep, men ikkje tilstrekkeleg sterkt. Åsmund brukte imidlertid altfor mykje tid på å pønske ut eit sterkt nok forsvar, og i staden for å spele på gevinsten som låg i stillinga, våga han ikkje anna enn å legge opp til ein remis ved trekkgjentaking, som Matts gjekk inn i.
Vahid Vazirgul har sett seg nøydd til å trekke seg frå turneringa av tidsgrunnar, og Lars fekk dermed eit gratis WO-poeng mens han låg heime i influensa.
I partiet mellom Bjarne og Emil fekk Emil som vanleg opp ei gevinststilling. Men han har hatt ein tendens i det siste til å skusle bort seieren. Så også denne gongen, og Bjarne kunne kassere inn heile poenget.
Partiet mellom Rudi Kilen og Marius Eriksen vart eit bikkjeslagsmål utan like. Begge gjorde feil som fekk overtaket til å danse fram og tilbake over brettet som ein pingpong-ball. Det vart Marius som begjekk den avsluttande feilen - med tap av dronninga og partiet.
Shamil tok tidleg i partiet mot Endre kommandoen, slik at Endre hadde sin fulle hyre med å klamre seg til brettet - og til slutt måtte sleppe taket.

Matts Eriksen - Åsmund Forfang 1/2-1/2
Vahid Vazirgul - Lars Lium 0-1 (WO)
Bjarne Solstad - Emil Mona 1-0
Rudi Kilen - Marius Eriksen 1-0
Shamil Shkalahov - Endre Bjørgum 0-1
Richardson Dayvid Fernandes WO

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 ... 218 219 220 221 222 223 224 225 226 227 228 229 230 231 232 233 234 235 236 237 Next >>

Powered by CuteNews